Rutine: Ansvar for IKT i Hjelmelandsskulen
Tilgang for tilsette
Frå skulestart fjernar me ein del av dei tekniske avgrensingane på dei tilsette sine einingar og går over til ein meir tillitsbasert praksis. Målet er å gje større pedagogisk handlingsrom, samtidig som me forventar at alle tilsette gjer gode og ansvarlege digitale val.
Når du bruker digitale læremiddel og verktøy i undervisninga, har du sjølv ansvar for å vurdera om bruken er innanfor regelverket. Det gjeld mellom anna personvern og GDPR, opphavsrett og bruk av tenester med reklame eller kommersielt innhald. Oversikta på Ryfylkeskulen.no viser kva digitale læremiddel og verktøy som er vurderte og godkjende for bruk.
Tilgang for elevar
Frå skulestart innfører Hjelmelandsskulen «tillatt-filter» på 1.–4. trinn. Det betyr at læringsbretta i utgangspunktet berre får tilgang til nettstader som er godkjende på førehand. Meld snarast sak til IT-hjelp eller send e-post til Morten.Hetland@hjelmeland.kommune.no dersom elevane ikkje får tilgang til appar eller nettsider som burde vore opne.
På 5.–10. trinn held me fram med streng og alderstilpassa filtrering, men elevane på mellomtrinnet får meir tilgang til internett enn Utdanningsdirektoratet har tilrådd, slik at det er mogleg å øva på kjeldesøk, kjeldekritikk og digital dømmekraft.
Merk: Nett-filtera er berre ekstra tryggingstiltak, og skal ikkje erstatta det pedagogiske arbeidet med nettvett og digital dømmekraft. Morten og Mark hjelper til med å opna godkjende nettstader fortløpande, slik at filteret i minst mogleg grad hindrar undervisninga.
Det er oppretta nye team og OneNote-klassenotatblokker for
Alle dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår. Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng, og lukka klassenotatblokker som du ikkje treng.
Sjå korleis du koplar til nye OneNote-klassenotatblokker, og les om korleis me bruker klassenotatblokker i Hjelmelandsskulen.
Frå skulestart hausten 2026 tar heile Hjelmelandsskulen i bruk Conexus Elevate. Utprøvinga ved Hjelmeland ungdomsskule er fullført med gode resultat og viser at verktøyet kan styrkja den systematiske oppfølginga av elevane – både fagleg og sosialt – i tråd med overordna utviklingsplan for Hjelmelandsskulen 2025–2028.
I Elevate kan tilsette enkelt registrera relevante observasjonar, få oversikt over utfordringar og følgja arbeidet vidare frå observasjon til målretta tiltak og evaluering. Verktøyet støttar arbeidet med tilpassa opplæring og eit trygt og godt skulemiljø, og gjer det enklare å oppdaga behov tidleg og setja inn rett hjelp til rett tid.
For dei tilsette gjev Elevate eitt felles og trygt verktøy som erstattar lause lappar, private loggbøker og uformelle notat. Informasjonen blir samla på éin stad, slik at tilsette, støttepersonell og skuleleiing får betre oversikt, tydelegare ansvarsfordeling og eit betre grunnlag for pedagogiske drøftingar og elevsamtalar. Dette vil kunna bidra til å styrka samarbeidet rundt eleven, og sikrar kontinuitet i oppfølginga ved byte av kontaktlærar eller andre endringar i personalet. Elevate er dermed ikkje eit merknads- eller kontrollsystem, men eit praktisk dokumentasjons- og oppfølgingsverktøy som skal gjera det lettare for dei tilsette å arbeida strukturert, førebyggjande og i tråd med elevane sine behov.
Utdanningsdirektoratet har kome med nye råd om bruk av generativ kunstig intelligens i opplæringa. Råda skal utdjupast innan 1. oktober 2026, men for Hjelmelandsskulen betyr dette inntil vidare at
RITS-kommunane har vedtatt å gå over til Sikt KI som felles KI-løysing i grunnskulane. Sikt KI erstattar chatbotane på Ryfylkeskulen.no. Løysinga blir i første omgang gjort tilgjengeleg for alle tilsette, samt for elevar på 8.–10. trinn.
Før lærarar tar Sikt KI i bruk saman med elevar, skal dei ha fått opplæring. Opplæringa kan bestillast ved å senda e-post til fagnettverk@ryfylkeskulen.no.
Dei viktigaste råda og retningslinene for KI i Hjelmelandsskulen er samanfatta i desse artiklane:
Til skuleåret 2026/2027 har Hjelmelandsskulen bestilt følgjande digitale læremiddel og verktøy:
Sjå elles komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen.
I dagane rundt skulestart dukkar det opp fleire nye appar på læringsbretta. Dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna, er dei valfrie å bruka:
PS: Elles blir appen Flyt (planlegging og innspelingsassistent for podkast) pensjonert. Intensjonen og funksjonane i appen er veldig nyttige, men då det ofte blei trøbbel med synkronisering under samskriving, tilrår ein heller å bruka eigen Pages-mal for kjøreplan. Malen kan brukast i planlegging av eksempelvis fagsamtale, podkast, digital forteljing og reklamefilm. Last den ned på både lærar og elevar sine læringsbrett, så ligg den alltid klar som ein mal i Pages-appen.
For skuleåret 2026/2027 er reglane for lading endra: Læringsbrettet skal som hovudregel liggja igjen på skulen på 1.–4. trinn, medan lærarane på 5.–7. trinn avgjer om det skal liggja på skulen eller takast med heim for leksearbeid. På 8.–10. trinn skal elevane framleis lada læringsbrettet heime.
I tillegg er gjeldande praksis på to område teken inn i reglane: Læringsbrettet skal liggja på skulen i alle skuleferiar, dersom eleven ikkje har eigen avtale med kontaktlæraren. Føresette skal snarast melda frå om skade på læringsbrett, uavhengig av årsaka til skaden.
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2026/2027:
Morten er framleis tilsett i 30 prosent stilling som rådgjevar for skuleutvikling. I tillegg til ein del administrative oppgåver, ynskjer han å vera med på utviklingstid, rettleiing og undervisning ute på skulane. Dei som har gitt beskjed om at dei ynskjer rettleiing blir kontakta direkte. Elles kan du sjølvsagt booka tid med Morten direkte i denne kalenderen, eller bruka Kalender eller Teams til å avtala tid.
| Vekedag | måndagar | tysdagar | torsdagar | fredagar |
| Tidspunkt | kl. 12:30–15:30 | kl. 13:30–15:30 | kl. 12:30–15:30 | kl. 12:00–15:30 |