KI skal berre brukast innanfor gjeldande lovverk, kommunale retningsliner og pedagogiske vurderingar. Desse råda gjeld for bruk av godkjende KI-løysingar i skulen. Merk at Sikt KI er ei pilotløysing, noko som inneber at både tilgangar, praksis og retningsliner kan bli justerte undervegs.
Grunnreglar
- Bruk av private KI-tenester, som eksempelvis ChatGPT, NotebookLM, Grok og Gemini, er ikkje godkjend for bruk i skulen.
- KI kan vera ei støtte i planlegging, undervisning og vurdering, men kan aldri erstatta læraren sitt profesjonelle skjønn.
- All bruk av KI må vurderast opp mot føremålet med opplæringa, elevane sin alder/modning og omsynet til personvern.
- Hald deg oppdatert på gjeldande brukarvilkår, råd frå Utdanningsdirektoratet og lokale retningsliner.
- Bruk gjerne KI til å utvikla idéar, strukturera undervisninga, laga forslag til differensiering eller laga utkast til arbeid som du skal jobba vidare med.
- KI kan ta feil. Hugs difor å vera kritisk til det som blir generert av KI, og ver merksam på unøyaktigheiter og feilinformasjon.
- Hugs at du er ansvarleg for KI-generert tekst som du sender ut eller publiserer. Du har ansvar for å ikkje villeia om innhaldet er menneskeskapt eller KI-generert.
- Vurder når du bør vera open om at du har brukt KI til å laga eller bearbeida tekst, bilete, kode eller anna innhald.
- Ver varsam med å leggja inn opphavsrettsleg verna materiale i KI-tenester. Slik bruk føreset at du har nødvendig rettsgrunnlag, og du må sjølv setja seg inn i og følgja gjeldande retningsliner.
- Ikkje legg inn elevarbeid, personopplysningar om kollegaer, elevar, føresette eller andre personar, eller materiale du ikkje har rett til å dela, utan at dette er avklart på førehand.
- Ikkje del sensitive personopplysningar eller annan fortruleg informasjon.
- Ikkje del brukarinformasjon, som påloggingsinformasjon og passord.
- Ikkje bruk KI til å fatta automatiserte avgjerder om elevar.
- Slett samtalar som inneheld personopplysningar når du ikkje treng dei lenger.
Undervisningsplanlegging
Lærarar kan bruka KI til å
- idémyldra undervisningsopplegg
- føreslå variantar og differensiering av oppgåver
- laga eksempel, spørsmål, omgrep, modelltekstar og anna støttemateriell
- tilpassa forklaringar til ulike nivå
- laga forslag til arbeidsmåtar og refleksjonsspørsmål
men
- læraren må alltid kvalitetssikra innhaldet
- læraren er ansvarleg for fagleg kvalitet og relevans
- KI-genererte forslag må vurderast opp mot læreplan og elevgruppa
- læraren må vurdera om bruk av KI faktisk støttar målet med opplæringa
Vurdering
- vel oppgåver og arbeidsmåtar som gjer det mogleg å få fram eleven sin eigen kompetanse
- varier vurderingsformer: munnleg, skriftleg, praktisk, prosess, refleksjon, etc.
- vurder ein kombinasjon av prosess og produkt, og ikkje berre det ferdige produktet
- be elevane forklara kva dei sjølv har gjort, kva KI har bidratt med, og kva dei har lært
- vurder når KI skal tillatast, avgrensast eller ikkje brukast. Bruk gjerne VuKI-modellen som utgangspunkt.
- bruk undervegsvurdering aktivt når elevane bruker KI
- ikkje bruk KI som "fasit" for fastsetting av karakterar
- ikkje bruk KI som einaste grunnlag for vurdering og tilbakemeldingar
- ikkje bruk KI til å vurdera om ein tekst er KI-generert eller ikkje
Saman med elevane
- Les om korleis elevane kan bruka KI i skulearbeidet.
- Ha eit klart og definert mål med kvifor og korleis KI skal brukast under planlegging og gjennomføring av undervisinga. KI skal støtta læring, ikkje erstatta eleven sitt eige arbeid, forståing eller ansvar.
- Snakk med elevane om kva KI er, korleis det fungerer og kva avgrensingar det har.
- Arbeid eksplisitt med personvern, kjeldekritikk, opphavsrett og etikk når elevane bruker KI til å løysa oppgåver.
- La elevane reflektera over når KI hjelpte dei med læringa, og når KI hindra dei i å tenka sjølv.
- Krev at elevane gjer greie for om og korleis dei har brukt KI i arbeidet sitt.
- Gje tydelege rammer, retningsliner og rettleiing til elevane når dokker bruker KI i undervisinga.
- 1.–4. trinn: Elevane skal ikkje bruka KI-tenester.
- 5.–7. trinn: Enkel og avgrensa bruk av KI, med modellering og tett rettleiing frå lærar.
- 8.–10. trinn: Meir sjølvstendig bruk av KI, men med krav til dokumentasjon, kjeldekritikk og eigen refleksjon.
- Utforsk korleis elevane kan bruka KI-genererte tilbakemeldingar i sin eigen læringsprosess.
Saman med kollegiet
- Bidra til at kollegiet på skulen deler gode eksempel og erfaringar med bruk av KI i undervisinga.
- Drøft konkrete dilemma knytte til vurdering, personvern og elevane sin bruk av KI.
- Bygg felles praksis for kva som er tillate, tilrådd og ikkje tillate.
- Meld inn erfaringar, feil og forslag til forbetringar i Sikt KI. (Trykk på namnet ditt nede i venstre hjørne, og Tilbakemelding.)
- Utvikla lokale eksempel på god praksis for kvart trinn og fag, til inspirasjon for kollegaene dine.
Råda er utarbeidde av fagnettverk skule i RITS-kommunane: Morten Hetland, Andréas Wahlman, Thomas Kopperstad og Janne Kristin Kåsen.
Kjelder: Osloskolen, Utdanningsdirektoratet, brukarvilkår for Sikt KI og Kopinor.
Sist oppdatert: 21.05.2026.