I desse videoleksjonane lærer du korleis du legg til vurderingsterminar og kolonner for halvårsvurdering på itslearning.
Det første ein må gjera, er å legga til fagterminar i faget. Dette bør ein helst gjera når ein opprettar faget, eller ved starten av skuleåret, men dersom ein har gløymt det ut, gjer ein det slik:
Når fagterminane er på plass, kan ein legga til kolonner for halvårsvurdering i vurderingsoversikta. Framgangsmåten er omtrent den same på barnetrinnet og ungdomstrinnet:
Når ein er ferdig med å skriva halvårsvurderingane, er det viktig å fullføra terminen, slik at vurderinga blir synleg for elev, heim og kontaktlærar.