OneNote er ei digital skriveblokk med utvida funksjonalitet for deling og samskriving. OneNote fungerer ypparleg til prosessorientert skriving, der læraren kan følgja med på elevane si framdrift undervegs i skriveprosessen.
Alle elevkull får oppretta si eiga OneNote-klassenotatblokk, som kan brukast som ei digital skrivebok, samt å redigera og publisera vekeplanar til elevane.
Tilgangar til OneNote-notatblokker blir styrt via Teams, og du må sjølv kopla iPaden din til dei OneNote-notatblokkene som du treng tilgang til. Etter at rektor eller ein kollega har gitt deg tilgang, kan du kopla iPaden din til klassenotatblokka.
Klassenotatblokkene er delt opp i ulike inndelingsgrupper med ulike tilgangsnivå:
Som ein hovudregel skal OneNote berre brukast som ei avansert skrivebok, med inndelingar og organisering av sider. Klassenotatblokkene skal ikkje brukast til å dela filmar, bilete, PDF-dokument, lydopptak, eller liknande. Viss du bruker OneNote på denne måten vil klassenotatblokkene bli for store, som igjen fører til problem med lagringskapasitet og synkronisering. Dersom du skal dela denne typen ressursar med elevane dine, må du bruka læringsplattformene Skolearbeid eller itslearning.
Hjelmeland ungdomsskule | Hjelmeland barneskule | Årdal skule | Fister skule |
---|---|---|---|
HJHJELM-2011-A | HJHJELM-2018 | HJÅRDAL-2018 | HJFISTER-2018 |
HJHJELM-2011-B | HJHJELM-2017 | HJÅRDAL-2017 | HJFISTER-2017 |
HJHJELM-2010-A | HJHJELM-2016 | HJÅRDAL-2016 | HJFISTER-2016 |
HJHJELM-2010-B | HJHJELM-2015 | HJÅRDAL-2015 | HJFISTER-2015 |
HJHJELM-2009-A | HJS-2014 | AAS-2014 | FIS-2014 |
HJHJELM-2009-B | HJS-2013 | AAS-2013 | FIS-2013 |
Elevrådet | HJS-2012 | AAS-2012 | FIS-2012 |
I tillegg til klassenotatblokkene, er det oppretta OneNote-notatblokker for personalet på alle skulane:
Hjelmelandsskulen har òg ei felles OneNote-notatblokk som skal brukast til å dela undervisningsopplegg som er tilpassa for OneNote (t.d. skriverammer, skjema, etc.), deling av årsplanar i fag, samt oversyn over fordeling av tema og kompetansemål på trinn.
Me har samla nokre tips om feilretting i OneNote.