Om tenesta

Med Skolearbeid kan læraren enkelt leggja til klassar, senda vurderingar, oppretta oppgåver, og deretter sjå vurderingsresultat og framdriftsdata for klassen, oppgåva og elevane. Det er òg mogleg å dela innhald frå enkelte appar, som læraren vil at elevane skal jobba med.

Elevane får oversikt over sine eigne oppgåver og innleveringar, og får dei sortert etter tidsfristar og fag. Skolearbeid gjer det enkelt for elevane å levera svar på oppgåvene.

Læraren har heile tida oversyn over elevane si framdrift – og kan dermed sjå om ein elev treng større utfordringar eller ekstra støtte – og får samla svara frå alle elevane på éin plass, slik at det blir enkelt å vurdera og gje elevane tilbakemeldingar.

Rettleiing
Plattform
Bruksområde
Digital kompetanse
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Hjelmeland, men ikkje godkjent i Sauda, Suldal og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Kor blir filene lagra?
Filene blir lagra i iCloud Drive
Korleis er lisensmodellen?
Tenesta er inkludert i Apple Education
Databehandlarar
  • Leverandør: Apple Inc.
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, rolle, gruppe, eining, organisasjon, brukarprodusert innhald, undervegs-/sluttvurdering, fagleg progresjon, bruksmønster
Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Kommentar/retningsliner

Skolearbeid lagrar ikkje opplysningar om elevar og lærarar, men appen fungerer som ei plattform for å utveksla oppgåver, svar og tilbakemeldingar mellom elevar og lærarar.

For elevane blir det samla inn følgjande informasjon:

  • Data om aktivitetar som elevane blir tildelt av læraren via Skolearbeid, for eksempel dersom ein elev merkar ei oppgåve som fullført og tilbakemeldingar eleven har fått på innleverte svar.
  • Data om framdrifta til elevane i dei aktivitetane som er tildelte.

For lærarar blir det samla inn følgjande informasjon:

  • Data om oppgåver, som detaljar om tildelte oppgåver, klassar og namn på elevar.
Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: