Om tenesta

App som blir brukt til å laga og gjennomføra fleirvalsoppgåver (quiz). Kahoot! kan brukast som læringsstøtte, for å testa kvar enkelt elev si forståing av læringsmåla. Kahoot! kan òg brukast til å identifisera kva nivå elevane i klassen er på, om det er behov for meir utfordrande læringsaktivitetar, eller for å testa om det er behov for ny gjennomgang av grunnleggande kunnskap om det aktuelle temaet.

Spelet føregår ved at spørsmåla og opptil fire svaralternativ blir viste på hovudskjermen. Svaralternativa har forskjellig farge og form. På elevane sine skjermar vil det vera opptil fire knappar med ulik farge og form, og elevane må trykka på knappen som representerer det riktige svaret.

Med spøkelsesmodus kan ein spela quizen på ny, og elevane konkurrerer både med klassen på ny, og med klassen sine resultat i første omgang.

MERK: Elevar i Strand kommune skal ikkje logga inn eller oppretta brukar for å bruka tenesta.

Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Microsoft
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er gratis, lisensbasert (betalt)
Personvernrisiko

Høg – Det blir for eksempel lagra opplysningar om eleven sine vurderingar, prestasjonar, poengsum, karakterar, måloppnåing, meistringsnivå, eller liknande.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
Databehandlarar
  • Leverandør: Kahoot Dragonbox AS
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    Informasjonstryggleik:

    • Elevar i Strand kommune skal ikkje logga inn eller oppretta brukar for å bruka tenesta.
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: