Om tenesta

Skolen frå Cappelen Damm er ei samling av digitale læremiddel for alle trinn i grunnskulen, som kan brukast til å planlegga, tilrettelegga og gjennomføra undervisning, samt vurdera elevane sine svar på oppgåver.

Merk: Tenesta skal først og fremst brukast som eit digitalt læremiddel, og ikkje til vurdering av elevarbeid. Lærarar skal ikkje systematisk lagra evaluering av elevane si læring i denne tenesta. Bruk heller skulen si læringsplattform (itslearning, Showbie, Visma Flyt Skole eller Skolearbeid).

Plattform
Bruksområde
Digital kompetanse
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Feide
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Personvernrisiko

Middels – Det blir for eksempel lagra personopplysningar i form av elevarbeid, skriftleg eller munnleg, lyd og bilete, eller fritekstfelt som ikkje legg opp til sensitive personopplysningar, samt lagring av brukaren sin identitet, skule, gruppetilhøyring, m.m.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, foto, video, lyd, e-postadresse, målform, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, brukarprodusert innhald, fagleg progresjon, bruksmønster
Databehandlarar
  • Leverandør: Cappelen Damm AS
  • Underleverandør(ar): Microsoft Azure, Sowiso, Intility AS
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    Personopplysningane blir lagra i samsvar med databehandlaravtalen, men elevdata som er inaktive (ingen pålogging eller bruk) i meir enn 450 dagar vil bli sletta frå tenesta.

    Retningslinjer for bruk:

    • Lærar må rettleia elevane med tanke på kva informasjon som kan leggjast inn i tenesta. Ver merksam på at det ikkje skal leggjast inn sensitive personopplysningar, til dømes om helse, religion, etc.
    • Dersom læraren oppdagar at ein elev har lagt inn informasjon som ikkje er nødvendig for å løyse oppgåva, må læraren be eleven om å redigera/fjerna denne informasjonen.
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
  • Signert databehandlaravtale?
    Suldal, Hjelmeland, Strand
Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Tenesta er eit digitalt læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova §§ 15-3 og 15-6. Som skuleeigar har kommunen ansvar for å ta i bruk eigna læremiddel for å oppfylla læreplanane og gjennomføra opplæring i tråd med opplæringslova. For at læremiddelet skal fungera etter føremålet, må det behandlast personopplysningar om elevar og lærarar, mellom anna for innlogging, tilgangsstyring og arbeid med faglege oppgåver. Denne behandlinga er ein integrert del av undervisninga og vurderingsarbeidet, og er difor ein del av kommunen si lovpålagde utøving av offentleg mynde.

Kommunen behandlar personopplysningar for å kunna bruka digitale læremiddel frå Cappelen Damm AS i undervisninga i grunnskulen. Personopplysningane blir lagra for å gje tilgang til læringsressursane, administrera deltakarar og grupper, gjennomføra opplæringa, følgja opp progresjon og vurdera arbeid knytt til kompetansemåla i faget. Dette omfattar mellom anna identifisering av brukarar, rolle- og tilgangsstyring, samt lagring av kurshistorikk og oppgåvesvar. Behandlinga er nødvendig for at kommunen skal kunna oppfylla sitt lovpålagde ansvar for opplæring etter opplæringslova, og skjer som ein del av utøvinga av offentleg mynde innan grunnskuleopplæringa.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 24.03.2025
Strand kommune
Vel målgruppe: