Podkast er ein moderne variant av radio; altså er ein podkast eit radioprogram som lyttaren kan abonnera på og lytta til når det passar. Elevane kan både konsumera og produsera podkastar i arbeidet med munnlege ferdigheiter i dei ulike faga.
Ein kan bruka eksisterande podkastar som kjelde til fagleg innsikt, og som modelltekstar for korleis ein podkast kan vera.
Begynn med å lytta til nokre av episodane frå desse podkastane:
Føremålet med å la elevane produsera ein podkast, er at dei skal få øving i å uttrykka seg munnleg på ein fagleg måte. Podkast er gjerne eit meir kreativt medium enn til dømes munnlege presentasjonar og framføringar, og har lausare rammer enn fagsamtalar og litterære samtalar.
Ein podkast kan bestå av monolog, samtale og/eller intervju. Podkastar kan òg ha innslag av rollespel, for eksempel at ein programleiar intervjuar ein ekspert på eit fagfelt, eller ein debatt ut frå tildelte roller.
I tillegg til å jobba med det faglege innhaldet, bør ein fokusera på det munnlege uttrykket, for eksempel stemmebruk, pausar og tempo, men òg innleving i roller, samtaleteknikk i intervju, eller andre relevante kriterier.
Arbeidet med podkast kan knyttast til dei fleste faga i skulen. I norsk kan ein til dømes laga podkast om ungdomsspråk eller ei bok ein har lese, medan ein podkast i naturfag kan drøfta energikjelder eller spørsmål knytta til seksuell helse. I KRLE kan ein presentera ein religion, medan ein i kunst og handverk kan laga ein debatt om arkitektur i tettstadutviklinga. I engelsk og andre språkfag kan podkasten brukast til språktrening, medan ein kan laga ein livsstilspodkast i kroppsøving.
For at podkasten skal ha god fagleg kvalitet, må elevane ha kunnskapar om emnet som podkasten handlar om. Både intervju, forskingsartiklar og læremiddel kan vera gode kjelder. Elevane bør òg bruka tid på å planlegga dei overordna rammene og notera seg stikkord om kva dei vil snakka om, for eksempel i iThoughts eller eit delt dokument i Pages.
Når podkasten er ferdig planlagt, skal elevane spela inn lydopptaket. La elevane sitja uforstyrra på eit stille rom. Mikrofonen på læringsbretta fungerer greitt nok, men det er ein fordel om elevane blir minna på å snakka høgt og tydeleg under innspelinga.
Bruk éin av desse appane:
I tillegg til å kombinera munnlegheit og fagleg innhald, gjev det å produsera podkast høve til å drøfta opphavsrett. Dersom elevane ynskjer å bruka lyd og musikk, må dei velja lyd som er opphavsklarert. Det vil seia at lydar frå GarageBand kan brukast til å laga podkast i desse appane, medan lydopptak frå avspelt musikk eller nedlasta lydfiler sannsynlegvis ikkje kan brukast, sidan bruken ikkje er klarert med opphavaren.