Om tenesta

Aski Raski er eit nettbasert verktøy for intensiv lesetrening. Elevane lærer teknikken å lesa gjennom trening i å høyra, finna, skriva og lesa enkeltord og setningar. I Aski Raski vert enkeltord brotne ned til éin og éin lyd som vert sette saman til stavingar og ord. Slik blir elevane gode til å uttala både lydar og ord hurtig og rett.

Plattform
Bruksområde
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Korleis loggar ein på?
Feide
Korleis er lisensmodellen?
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Databehandlarar
  • Leverandør: Aski Raski AS
  • Underleverandør(ar): Microsoft Azure, Zendesk
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Juridisk
  • Behandlingsføremål:

    Aski Raski AS registrerer og lagrar personopplysningar og elevar og tilsette for å kunna levera tenesta Aski Raski som avtalt, inklusive for å forbetra elevane sine leseferdigheiter, gjennomføra kartlegging av leseferdigheiter, sikra brukarvennlegheit, motivera, dokumentera brukshistorikk til skulen, elevar, tilsette og PPT, samt gjera det mogleg å kontrollera og samanlikna resultata på skulen. I tillegg lagrar Aski Raski AS opplysningar om kontaktpersonar hjå behandlingsansvarleg, for å kunna forvalta kundeforholdet.

  • Behandlingsgrunnlag: Nødvendig for å utøva offentleg mynde. Aski Raski er eit digitalt læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17. Aski Raski behandlar elevane sine svar på oppgåvene i kartleggingstestane (brukergenererte data). Tenesta treng desse personopplysningane for å kunna kartlegga elevane sine leseferdigheiter.
Personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, organisasjon, fagleg progresjon
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring og sletting:

    Aski Raski lagrar personopplysningane så lenge dei har grunnlag for å behandla dei:

    • Kundedata: Så lenge kundeforholdet består og så lenge det kan knyttast krav til kundeforholdet.
    • Brukarkontoar til elevar og tilsette: Brukarkontoar blir automatisk sletta etter 365 dagar med inaktivitet. For utgåtte elevar skjer dette automatisk etter 100 dagar.
    • Kartleggingsdata: Kartleggingsdata blir lagra så lenge det er naudsynt og relevant for behandlingsansvarleg å lagra personopplysningane. Når lisensen utløper blir kartleggingsdata automatisk sletta etter 365 dagar.
    • Zendesk brukardata: Éin gong i året slettar Aski Raski saker som er eldre enn 2 år. Tilsette eller leverandørar som har brukarar i Zendesk blir sletta dersom dei sluttar eller avsluttar sitt engasjement i Aski Raski.
    • Kontaktar i Make: Kontaktar som har registrert seg som mottakarar av nyheitsbrev i Make blir lagra fram til dei eventuelt melder seg av som mottakarar. Lenke til utmelding følger i kvart nyheitsbrev.
  • Organisatoriske sikkerheitstiltak: registrering og oppfølging av avvik
  • Tekniske sikkerheitstiltak: fleirfaktor-autentisering, passordbeskyttelse, kryptering, tilgangsavgrensing, sikkerheitskopiering
Personvernrisiko
Høg – Det blir for eksempel lagra opplysningar om eleven sine vurderingar, prestasjonar, poengsum, karakterar, måloppnåing, meistringsnivå, eller liknande.
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Signert databehandlaravtale?
    Suldal, Hjelmeland, Strand
  • Revisjonsfrist
    31.12.2023
Kommentar/retningsliner
  • Skuleadministrator må vedlikehalda lærarane sin tilgang til korrekte klassar manuelt.
  • Den enkelte eleven skal ikkje ta kontakt med Aski Raski for support. Lærar eller skuleadministrasjon kontaktar leverandør på vegner av eleven. Leverandør skal ikkje få personopplysningar eller annan informasjon om eleven sine resultat eller progresjon.
  • Merk at dersom ein kontaktar Aski Raski via servicedesk-verktøyet Zendesk, så samtykker brukaren i at personopplysningar kan bli overførte til USA, der Zendesk Inc. er lokalisert. Les meir informasjon i Zendesk si personvernerklæring.
  • Merk at Aski Raski bruker Google Drive for å samla og strukturera namn og e-postadresser til kontaktpersonane hjå behandlingsansvarleg, samt til å samla inn og lagra informasjon frå kursbestillingar via Google Forms. Google Drive blir lagra i skytenesta Google Cloud.
Personvernombod
Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 24.03.2025
Strand kommune
Vel målgruppe: