Om tenesta

Læringsplattform som tilbyr digitale læremiddel i matematikk på 1.–10. trinn (Campus Matte) og naturfag på 8.–10. trinn (Campus Naturfag). Læremidla er spesielt tilpassa omvendt undervisning ("flipped classroom").

I Campus Inkrement får ein òg tilgang til MatteLabbens Mester. MatteLabbens Mester er ein reknekonkurranse i matematikk for 1.–7. trinn. Klassane konkurrerer i verktøyet MatteLabb, der elevane øver på grunnleggjande matematiske ferdigheiter og reknemetodar på ein inspirerande og morosam måte.

Plattform
Bruksområde
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Feide
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, målform, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, organisasjon, fagleg progresjon, bruksmønster
Databehandlarar
  • Leverandør: Inkrement AS
  • Underleverandør(ar): Microsoft Azure, FreshWork
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    Personopplysningar blir lagra i inntil to år etter at ein brukar var sist pålogga. Etter to år med inaktivitet, blir alle personopplysningar automatisk sletta.

  • Tekniske sikkerheitstiltak: fleirfaktor-autentisering
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
  • Signert databehandlaravtale?
    Suldal, Hjelmeland, Strand
  • Revisjonsfrist
    24.03.2025
Kommentar/retningsliner

Elev - genererer aktivitetsdata ut frå det arbeidet dei gjer i tenesta, og kan berre sjå sin eigen informasjon og resultat.

Faglærar - kan sjå læringsdata og resultat for elevane i sine grupper for å følgja opp arbeidet i deira undervisning.

Skuleadministrator - kan sjå kva elevar og lærarar som bruker løysinga, kva kurs som pågår og aggregera statistikk til bruk ved sin eigen skule. Skuleadministratoren kan ikkje sjå læringsdata knytt til enkeltelevar.

Alle brukarane må få opplæring i korleis dei brukar tenesta.

Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Campus Inkrement tilbyr ei samling av digitale læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17.

Tenesta behandlar elevane sine aktivitet i læremidla for å kunna gje elevane opplæring i, kartleggja og vurdera elevane sine ferdigheiter i matematikk og naturfag.

Personopplysningane blir brukte til å gje elevar og lærarar tilgang til dei digitale læremidla Campus Matte og Campus Naturfag, samt oversikt over kva elevane har gjort i dei ulike læremidla. Det blir òg samla inn informasjon om tid og resultat på det eleven gjer, inkludert kva videoar eleven har sett, kor lang tid eleven brukte, kva oppgåver eleven har svart på, og kva svar eleven har gitt.

Inkrement AS bruker òg personopplysningar til å forbetra kursinnhaldet, men til dette føremålet blir opplysningane anonymiserte og inngår i ei større datainnsamling.

Når ein brukar har tekniske problem eller liknande, kan Inkrement AS bruka personopplysningar til å gje personleg brukarstøtte.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 30.01.2027
Strand kommune
Vel målgruppe: