Om tenesta
Det finst fleire variantar av tenesta Lingdys.
Lingdys Pluss
Denne tenesta blir brukt som støtte i lesing og skriving for elevar med dysleksi eller andre former for lese- og skrivevanskar. Lingdys Pluss har ei rekkje funksjonar som opplesing, stavekontroll, skanning av tekst og diktering. Lesevenn er ein skanne-app som følgjer med i tenesta. Elevar må søka om personleg lisens frå NAV Hjelpemiddelsentral for å bruka tenesta.
Lingdys Skole
Denne tenesta gjeld for heile klassen eller skulen, og er eit verktøy som kan vera til nytte for alle elevar. Lingdys Skole kan brukast til lese- og skriveopplæring, utvikling av tekst og ordforråd, framandspråk og meir. Elevar treng ikkje personleg lisens frå NAV Hjelpemiddelsentral for å bruka tenesta.
Rapport frå pilotering
Ingen som bruker det, fordi det ikkje har vore nok opplæring. Både elevar, lærarar og føresette treng meir opplæring. Kurs. Opplæringa må gje konkrete tips og idéar til korleis appen kan brukast.
Styrker:
God opplesing på engelsk.
Fint med fonologisk retting, for dei som har Lingdys Pluss. Bra at menyen for retting heng saman med det ordet som ein skriv, i staden for å liggja på ei eiga line nedst på sida.
Moglegheit for STL+
Svakheiter:
Når ein tek bilete av ei side der det er bilete, slit den med å lesa opp.
Lagring er tungvint. (Same funksjonalitet som i Pages). Kommentar: Handlar eigentleg berre opp opplæring i filhandtering.
Vanskeleg å regulera farten på opplesing.
Parallellitetskrav (jf. kapittel 17 i forskrift til opplæringslova):
Personvern (jf. GDPR):
ROS-vurdering:
Universell utforming:
Tilsvarande tenester: IntoWords. Elles bruker ein BookCreator, Pages og Skrible som skriveverktøy.