Kva kan du sjekka sjølv?
Før du ber andre om hjelp, bør du først sjekka dette:
- Manglar du ein app som du treng? Sjekk om den ligg klar til nedlasting i Teacher-appen, under My resources.
- Viss du ikkje har tilgang til appar i Teacher-appen, må rektor legga deg til i ein klasse i Jamf.
- Oppsett av heimekontor med Citrix ordnar du sjølv med denne rettleiinga.
- Tving lukking av appen som du har problem med. (sveip appen vekk)
- Prøv omstart av iPaden.
- Viss du har trøbbel med utskrift, prøv å skru printeren av og på.
- Har du problem med pålogging eller utskrift, test om passordet fungerer ved innlogging på office.com
- Viss du har gløymt passordet, kan du nullstilla det sjølv på passwordreset.microsoftonline.com
- Har du brukt æ, ø og å i passordet ditt? Skift passord på lenka over, sidan det fører til trøbbel i fleire system.
- Har du problem med Feide-pålogging, kan du først testa om du kjem inn på mega.efeide.no.
- Viss denne pålogginga fungerer, er det sannsynlegvis nettsida du prøvde som ikkje fungerer, eller så manglar du lisens/tilgang. I så fall er det leverandør eller skulen som må gje deg tilgang.
- Viss du ikkje kjem inn med Feide nokon plass, kan du først prøva å byta passord. Viss det heller ikkje fungerer, må du melda saka til RITS på service.ryfylkeikt.no.
RITS sitt ansvar
- Teknisk drift, inkl. at iPad, nettverk, skrivarar og anna teknisk utstyr fungerer.
- Tildela brukarane rettar i Feide og Microsoft 365.
- Innkjøp og reklamasjon i samråd med rådgjevar skuleutvikling og rektorane.
- Appar som ikkje fungerer eller manglar på iPadane.
- Sentral oppdatering av iPad, Apple TV og appar med jamne mellomrom, samt oppfølging av det som ikkje er oppdatert
- Administrera iPadar og tilbehør ut til skulane og inn frå skulane ved byte + reserve-iPadar.
- Nullstilla klassesett ved byte av iPad.
- Planlegga og gjennomføra «gjenbruk» av kasserte læringsbrett
- Brukarsupport på saker som rektor eller IKT-ressurslærar ikkje kan løysa
- Opplæring og rettleiing av rektorar i administrative system (Jamf School, Apple School Manager og eFeide)
- Lisensadministrasjon på Minecraft Education
- Einingsadministrasjon i Jamf inkl. oppsett, klassar, grupper og profilar.
Merk: Etter omorganisering av RITS skal alle førespurnader gå til tlf. 476 31 100 / ithjelp@hjelmeland.kommune.no / Self Service Portal (ryfylkeikt.no)
Rektor sitt ansvar
- Leia utviklingsarbeidet på sin skule, i tråd med læreplanverket og nasjonale strategiar, i samarbeid med dei andre rektorane og rådgjevar skuleutvikling.
- Nullstilla lærarane sine skjermkodar på hjelmeland.jamfcloud.com.
- Oppretta to-faktorautentisering for tilsette på mega.efeide.no
- Opprykk av klassar i IST og Jamf ved nytt skuleår.
- Gje nytilsette lærarar tilgang som lærar i Jamf.
- Sjekka at Conexus Engage har fanga opp synkronisering av opprykk.
- Oppmelding av elevar til nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar, samt fordela prøveansvarleg.
Skulen har ansvar for
- Nye elevar og tilsette må raskt få oppretta brukarar i IST/lønnssystem (for vidare synkronisering mot AD, Feide og Office 365), samt bestilla brukar hjå RITS.
- Elevar som har behov for Lingdys Pluss skal få hjelp til å søkja om lisens frå NAV, installera Lingdys-appen og gje eleven opplæring i bruk av Lingdys.
- Oppretta og tilbakestilla passord til Apple ID for lærarar og elevar (Apple School Manager)
- Nullstilla lærarane sine skjermkodar på hjelmeland.jamfcloud.com.
- Nullstilla Feide-passordet til elevar på mega.efeide.no
- Levera iPadar eller tilbehør som treng reparasjon/reklamasjon/byte komplett til RITS.
- Administrera reserveutstyr som ligg lokalt på skulen (iPad, ladarar, headset, tastatur).
- Oppsett av nye iPadar (byte, ny tilsett, ny elev, ny klasse). Ved utskifting av klassesett skal ein samarbeida med RITS.
- Pakka ut, setja opp og kopla til nytt kontor-/datautstyr.