Før elevar og lærarar får tildelt ny iPad, bør ein sjekka at nødvendige filer er lagra i iCloud Drive. Dersom ein skal skifta ut heile klassesett, må ein i tillegg avtala med IT-avdelinga (sjå nedst på sida).
Dei fleste appane me bruker har automatisk lagring og synkronisering til iCloud Drive, så dei treng me ikkje gjera noko meir med, så lenge iPaden er logga på iCloud. Dette kan ein sjekka ved å opna appen Innstillingar → trykka på namnet sitt øvst i menyen → trykka på Passord og sikkerhet. Viss iPaden ikkje spør etter passordet til iCloud, er den allereie kopla til iCloud Drive.
Nokre av appane har derimot ikkje automatisk lagring og synkronisering til iCloud Drive. Difor må lærarane undervegs i skuleåret læra elevane gode rutinar for lagring og sikkerheitskopiering frå dei ulike appane. Dersom desse rutinane ikkje er på plass, bør ein før utskifting av iPad setja av tid til manuell sikkerheitskopiering i følgjande appar:
Namn | Ikon | Filplassering | Lagring |
---|---|---|---|
BookCreator | ![]() |
i appen | Opna BookCreator-appen → Vel boka som skal eksporterast → Export as ePub → Save to Files |
GarageBand | ![]() |
iCloud eller På iPad | Opna Filer-appen → Vel “På iPad” under “Plasseringer” → Sjekk om det ligg filer på denne lagringsplassen → Dra Pages-filene over til “iCloud Drive” under “Plasseringer” |
iMovie | ![]() |
i appen | Opna iMovie-appen → Vel prosjektet som skal eksporterast → Trykk på del (pil ut av boks) → Vel “Arkiver i Filer” eller “Arkiver video” |
Kidspiration Maps | ![]() |
i appen | |
IntoWords | ![]() |
På iPad | Opna IntoWords-appen → Vel dokumentet som skal eksporterast → Trykk på del (pil ut av boks) → Arkiver i Filer |
Keynote | ![]() |
iCloud eller På iPad | Opna Filer-appen → Vel “På iPad” under “Plasseringer” → Sjekk om det ligg filer på denne lagringsplassen → Dra Pages-filene over til “iCloud Drive” under “Plasseringer” |
Tegnebrett | ![]() |
i appen | |
Stop Motion Studio | ![]() |
i appen | Opna Stop Motion-appen → Vel prosjektet som skal eksporterast → Trykk på del (pil ut av boks) → Export Movie → Vel “Save to Files” eller “Save Video” |
GeoGebra Classic | ![]() |
i appen | Opna GeoGebra Classic-appen → Opna prosjektet som skal eksporterast → Trykk på menyknappen oppe i høgre hjørne → Last ned som → GeoGebra file (.gbb) → Save to Files |
iThoughts | ![]() |
iCloud eller På iPad | Opna Filer-appen → Vel “På iPad” under “Plasseringer” → Sjekk om det ligg filer på denne lagringsplassen → Dra Pages-filene over til “iCloud Drive” under “Plasseringer” |
micro:bit | ![]() |
i appen | Opna micro:bit-appen → Flash → Vel prosjektet som skal eksporterast → Del (pil ut av boks) → Save to Files |
Minecraft Education | ![]() |
i appen | Opna Minecraft-appen → Spill → Vis mine verdener → Vel prosjektet som skal eksporterast → Behandle → Eksporter → Arkiver i Filer |
Numbers | ![]() |
iCloud eller På iPad | Opna Filer-appen → Vel “På iPad” under “Plasseringer” → Sjekk om det ligg filer på denne lagringsplassen → Dra Pages-filene over til “iCloud Drive” under “Plasseringer” |
Pages | ![]() |
iCloud eller På iPad | Opna Filer-appen → Vel “På iPad” under “Plasseringer” → Sjekk om det ligg filer på denne lagringsplassen → Dra Pages-filene over til “iCloud Drive” under “Plasseringer” |
Sketches School | ![]() |
På iPad | Opna Sketches School-appen → Trykk del (pil ut av boks) → Vel/marker teikninga(ne) som skal eksporterast → Trykk “Share” → Vel “Save to Files” eller “Save image” |
Timeline Creator | ![]() |
i appen | Opna Timeline Creator-appen → Velg → Vel tidslinja som skal eksporterast → Del (pil ut av boks) → Arkiver i Filer |