Rettleiar for elevane sin digitale kompetanse

Utarbeidd av:

Morten Hetland
Thomas Kopperstad
Janne Kristin Kåsen
Andréas Wahlman

Godkjent av:

under utvikling

Sist oppdatert:

Innleiing

Elevane ved dei offentlege skulane i RITS-kommunane – Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand – har sidan hausten 2019 fått utdelt kvar sin iPad eller Chromebook som skal brukast til skulearbeid. Dette forpliktar skulane til å utvikla god pedagogisk digital praksis, samtidig som skulane har fått fleire nye hjelpemiddel som kan brukast når elevane skal få opplæring i digitale ferdigheiter.

Digitale ferdigheter er éi av dei fem grunnleggande ferdigheitene i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20). Kort fortalt handlar digitale ferdigheiter om at elevane skal få trening i å bruka digitale verktøy når dei jobbar med skulefaga: Elevane skal kunna innhenta og behandla informasjon, vera kreative og skapande med digitale ressursar, og kunna kommunisera og samhandla med andre i digitale omgjevnader. I tillegg skal elevane kunna bruka digitale ressursar, på ein fornuftig og forsvarleg måte, for å løysa praktiske oppgåver. Digitale ferdigheiter handlar òg om å utvikla digital dømmekraft, ved å tileigna seg kunnskap om og gode strategiar for nettbruk.

Denne rettleiaren skal, saman med nasjonale strategiar og læreplanverk, peika ut retninga for bruken av digitale ressursar i opplæringa i grunnskulane i RITS-kommunane.

Kort om prosessen: Fagnettverk skule har tatt ansvar for å utvikla éin felles EDK-rettleiar. Fagnettverket består av éin lærar-representant frå kvar av dei fire RITS-kommunane. Denne rettleiaren er sterkt inspirert av EDK-planen som Nordre Follo kommune har utvikla i samarbeid med OsloMet. Når fagnettverket er ferdig med sitt første utkast av EDK-rettleiaren, blir den sendt på høyring til dei tilsette ved skulane, elevråda/ungdomsråda, FAU og PPT.

Mål for EDK-rettleiaren

Elevane skal utvikla kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som trengst for å kunna meistra liva sine, og kunna delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Målet med denne rettleiaren er å sikra at skulane bruker digitale verktøy på ein god måte, slik at elevane våre blir rusta til å leva godt, både nå og i framtida.

EDK-rettleiaren beskriver korleis grunnskulane i RITS-kommune – Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand – skal arbeida med å utvikla elevane sin digitale kompetanse og medborgarskap, slik at alle elevane får omtrent den same opplæringa. Skulane har ansvar for å sikra at elevane lærer det dei treng å læra frå skuleår til skuleår, samtidig som det skal vera ein tydeleg samanheng i utviklinga av elevane sin digitale kompetanse.

Sjølv om EDK-rettleiaren først og fremst skal vera eit verktøy for skulane, vil elevar og føresette kunna bruka den til å lesa om korleis skulane jobbar med elevane sin digitale kompetanse.

Forankring i læreplanverket

Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) definerer fem grunnleggjande ferdigheiter som alle elevar bør ha. Desse ferdigheitene er viktige for å kunne læra og forstå fag, men dei er òg nødvendige for å utvikla identitet og sosiale relasjonar, samt å kunne delta i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. EDK-rettleiaren byggjer på ei forståing av at grunnleggjande digitale ferdigheiter grip inn i både skulefaga og alle dei andre grunnleggjande ferdigheitene.

Oppbygging av rettleiaren

EDK-rettleiaren er delt inn i fem delar:

  1. Overordna gjennomgang av kunnskapsgrunnlaget for planen. Dette omfattar forankring i forsking og offentlege dokument som digitaliseringsstrategi, ulike rammeverk og læreplanverket.
  2. Beskrivelse av den digitale medborgaren sine ulike kompetanseområde, basert på kunnskapsgrunnlaget i del 1.
  3. Progresjonsplan, som viser den digitale kompetansen som elevane skal ha etter 2., 4., 7. og 10. trinn, samt forslag til digitale verktøy som kan brukast i arbeidet.
  4. Presentasjon av digihjulet og/eller den gode økta (modellar for planlegging av undervisning).
  5. Døme på undervisningsopplegg for utvikling av elevens digitale kompetanse innan dei ulike kompetanseområda. Døma er forankra i LK20 og strukturert med utgangspunkt i éin av planleggingsmodellane).

Progresjonsplanen er utarbeidd i tråd med kompetansemåla i læreplanverket, for å sikra ei naturleg utvikling av dei fem kompetanseområda gjennom heile grunnskuleløpet. Planen byggjer på kompetansemåla der det digitale er klart og tydeleg formulert. Dei fleste punkta i progresjonsplanen er ikkje direkte knytt til ordlyden i kompetansemåla, fordi ein skal kunne jobba med ferdigheitene på tvers av fag. Nokre stader vil ein likevel kunne kjenna igjen ordlyden frå kompetansemåla i enkelte fag.

Det er faglærarane som kjenner faget sitt best, og det er difor faglærarane som må sikra at dei underviser ut frå kompetansemåla i dei enkelte faga.

Progresjonsplanen er meint som ei støtte til lærarane, for å utvikla elevane sin digitale kompetanse i, på tvers og uavhengig av fag. Progresjonsplanen inneheld kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som eleven skal utvikla.

Progresjonsplan

Progresjonsplanen følgjer kompetansemåla og skal sikra ei naturleg utvikling av dei fem kompetanseområda gjennom heile grunnskulen. Ho byggjer på kompetansemåla der det digitale er tydeleg formulert. Dei fleste punkta i planen er ikkje knytte direkte til ordlyden i kompetansemåla, fordi ein skal kunna arbeida med ferdigheitene på tvers av fag. Nokre stader vil ein likevel kjenna igjen formuleringar frå kompetansemåla.

Faglærarane kjenner faget sitt best, og dei må sikra at kompetansemåla blir oppfylte i sine fag. Progresjonsplanen er meint som ei støtte for lærarane til å utvikla elevane sin digitale kompetanse i, på tvers av og uavhengig av fag. Ho peikar på kunnskapar, ferdigheiter og haldningar elevane skal utvikla knytt til det digitale. Planen er laga med mål etter 2., 4., 7. og 10. trinn, slik at progresjonen følgjer LK20. Her kan lærarane òg finna forslag til digitale ressursar som kan brukast i arbeidet for å nå desse måla.

Etter 2. trinn

Digital kompetanseMål for opplæringaDigitale ressursar

Skapa og produsera


Lese inn setningar og enkle tekstarGarageBand, OneNote, BookCreator, Pages
Skape eit produkt som kombinerer bilete og tekstBook Creator
Book Creator Online, Pages, Kidspiration
Skape forteljingar ved hjelp av digitale verktøyClips
iMovie, Pages, BookCreator
Skrive setningar og enkle tekstar med tastatur og lydstøtteAski Raski
Word
Pages
Lingdys
Google Dokument, STL+ (P)
Lytte til og samtale om autentiske språkmodellar (sjekk terminologien, autentiske samtalar?)Duolingo, Lexin, (Biblioteket i Skolen?), Salaby, Skolen
Ta bilete og videoKamera (iPad)
Lagre og enkel redigering av biletePhotos, Snapseed
Produsere eit bilete ved hjelp av teikning på ein digital appTegnebrett, Freeform, Procreate
Enkle søk på internettSafari, Google
Gje namn til dokument og bøker, som du seinare kan finne tilbake tilFiles (iPad), OneDrive
Leike med musikkens grunnelement og lage ei enkel musikalsk komposisjonGarageBand

Samhandla og kommunisera


Dele digitalt arbeid med lærarShowbie, Teams, Skolearbeid, Campus, Skolen
Finne digitalt arbeid frå lærarShowbie, Teams, Skolearbeid, Skolen
Vise enkle digitale presentasjonarBookCreator
Læra gjennom leik i digitale læringsspelMinecraft Education, Kahoot!, BitsBoard, Poio, På sporet ABC, DragonBox Numbers, Dragonbox Big Numbers.

Kjeldebruk


Spørje om lov før du tek bilete eller video av medelevDubestemmer.no
Referere (muntleg) til kjelder ved søk, altså kunna fortelja kor tekst eller bilete er henta fråSafari
Samtale om opphavsrettDelrett.no, Pixabay

Digital livsmeistring


Hugse eige brukarnamn og passordPassord, Google Password Manager
Logge inn og bruke digitale læremiddelitslearning, Showbie, Teams, Feide
Gjennomføre enkle søk i søkeprogramGoogle, Bing
Scrolle
Lese enkle digitale tekstarAski Raski, Salaby, Skolen (Biblioteket), Book Creator
Behandle eininga på ein trygg og god måte (iPad-reglar)Dubestemmer.no
Finne fram på iPaden sin (finne riktig: app, mappe, oppgåve, dokument og lekse)Files (iPad), Showbie

Digital bevisstheit


Snakke om kva vi bruker iPad til på skulen og heime
Bli kjent med å bruke ulike digitale verktøy for læringBook Creator, iMovie, Scratch

Etter 4. trinn

Digital kompetanseMål for opplæringaDigitale ressursar

Skapa og produsera


Lese inn tekstarClips, iMovie, OneNote, BookCreator, Pages
Skrive tekstar med tastaturWord, Pages, BookCreator
Utforske, lage og presentere fagleg innhald ved bruk av ulike digitale ressursarBook Creator, Keynote
Kombinere ulike uttrykksformer i samansette tekstarBook Creator, Keynote
Gjere funksjonelle søk (på internett og i eigne filer)Safari, Filer
Redigere tekst og biletePages, Word, BookCreator, Apple Bilder
Eksperimentere med rytmar, melodiar og andre grunnelement, og setje saman mønster til komposisjonarGarageBand (P)
Bruke digitale ressursar til å utforske språket og utøve med andrePuppet Pals (P), Clips, iMovie
Enkel programmering ved bruk av variablar, vilkår og løkker (P)ScratchJr, Scratch.mit.edu, Micro:bit, LEGO Education, Sphero, Minecraft Education, BlueBot, DragonBox

Samhandla og kommunisera


Dele digitalt arbeid med medelevar og lærarAirDrop, Showbie, Skolearbeid
Presentere digitaltKeynote, PowerPoint, BookCreator
Samtale om korleis ein kommuniserer på chatter, meldingar og sosiale medium (kritisk tenking)Clips – Dette er vel alt for tidleg?
Samarbeide i digitale læringsspelMinecraft Education (P)

Kjeldebruk


Søke etter informasjon i ulike kjelder og vurdere kor nyttig informasjonen erSafari
Samtale om reglar og normer for opphavsrettDelrett.no (gjenopprett frå arkiv), Google Søk (Creative Commons)
Samtale om deling og vern av informasjonRedd Barna, Livet og sånn, Google Søk (Creative Commons)
Bruke bilete med Creative Commons-lisensPixabay.com, StockSnap.io, Google Søk (Creative Commons)
Bruke nettsider med lovlege biletePixabay.com, StockSnap.io , Google Søk (Creative Commons)

Digital livsmeistring


Samtale om reglar og normer for personvern, deling og vern av informasjon og om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandlingLivet og sånn, Link til livet
Samtale om digital livsmeistring i sosiale medier– Dette er vel alt for tidleg?
Samtale om aldersgrenser
Samtale om og øva på god oppførsel på nett
Lese digitale samansette tekstar
Bruke tale til tekst på iPaden (dikter-funksjon) ved behovBookCreator, Pages
Kjenne til les opp-funksjonen i appar og engasjerande lesar i Office (P)
Bruka omsetjingsverktøy til å læra og forstå med andre språk.Microsoft Translator

Digital bevisstheit


Samtale om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandling
Bruke ulike digitale verktøy for læring
Samtale om kva sosiale medier er, og kva desse kan brukast til
Samtale om kva og kor mykje me bruker digitale einingar på skulen og heime

Etter 7. trinn

Digital kompetanseMål for opplæringaDigitale ressursar

Skapa og produsera


Presentere faglege emne munnleg med digitale ressursarKeynote, PowerPoint, iMovie, GarageBand
Skrive tekst med flyt på eksternt tastaturWord, Pages, Tastaturbo, Skrible
Utforske og beskrive samspel mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage samansette tekstarBookCreator, iMovie, Pages, Adobe Express, Keynote, StopMotion
Strukturert mappesystem (mappestruktur): lage eigna namn, lagre filer, finne tilbake til filerMicrosoft 365, Filer – treng tydeleg rettleiar her, instruksjonar, «oppskrift» på korleis ein skal ha strukturen → Trinn → Fag
Laste opp/ned dokumentMicrosoft 365, Filer, Skolearbeid, TinkerCad
Bruke oversettarprogram og ordbøker på nett på ein funksjonell måteLexin, Google Translate, ordbøkene.no, Microsoft Translator, Clarify, Skolen
Lage og redigere filmClips, iMovie, StopMotion
Lage og redigera podkastGarageBand
Lage og programmere algoritmar med bruk av variablar, vilkår, funksjonar og løkker, også i praktiske situasjonarScratch, Swift Playgrounds, micro:bit
Lage og programmere teknologiske system, og bruke programmering til å utforske data i tabellar og datasettmicro:bit, Scratch
Lage og vurdere budsjett og rekneskap ved å bruke reknearkNumbers, Excel
Skape, øve inn og bearbeide musikk ved hjelp av teknologi og digitale verktøyGarageBand

Samhandla og kommunisera


Bearbeide eigne tekstar ut ifrå tilbakemeldingarShowbie, Skrible, Skolearbeid, Microsoft 365, Pages
Presentere data i tabellar og diagramExcel, PowerPoint, Numbers, Keynote
Presentere faglege emneKeynote, PowerPoint, iMovie, GarageBand
Samskrive i dokument med andre elevar (P)Microsoft 365, Pages, OneNote, Skolearbeid, Keynote
Dele dokumentMicrosoft 365, Skolearbeid, AirDrop, Pages, Mail

Kjeldebruk


Bruka TONE-rammeverket til å vurdera om kjelda er truverdig, objektiv, nøyaktig og eigna (P)faktisk.no, Elevkanalen
Samanlikne og vurdere kjelder (P)faktisk.no, nettlesar
Kjeldehenvisning i eigne oppgåver (P)dubestemmer.no, Delrett.no, Kildekompasset
Forholde seg til opphavsrett på musikk og bilete (lov/ikkje lov å bruke)Pixabay.com, StockSnap.io, fma.org

Digital livsmeistring


Kjenne til reglar og normer for personvern, deling og vern av informasjon og bruke dømmekraft i digital samhandlingreddbarna.no/skole, dubestemmer.no, Bruk Hue
Behandla passord på ein trygg måtePassord
Reflektere over og diskutere lover, reglar og normer for oppførsel på nett, samt vere klar over at mobbing og krenkingar førekjem på digitale flaterRedd Barna, Elevkanalen
Utrykke eiga meining om haldningar knytt til sosiale medium og aldersgrenserElevkanalen, Skolen
Vere nysgjerrig og prøve ut ulike digitale verktøy og digitale løysingar
Bruke digitale verktøy og utstyr hensiktsmessig i kvardagen, for eksempel til å planleggje ei reise eller eit måltidFinn.no, Pages, Numbers, Safari
Bruke les opp-funksjonen i appar og engasjerande lesar i Office for å til dømes kunne lytte til eigne tekstarMicrosoft 365, iPad (innebygd opplesing)

Digital bevisstheit


Forklare kva ein algoritme erSwift, micro:bit, Scratch
Samtale om korleis digitale medium påverkarRedd Barna, Elevkanalen, Skolen
Samtale om «digitale spor» og oppførsel på nettRedd Barna, Elevkanalen, Skolen
Diskutere hensiktsmessig bruk av sosiale medium og underhaldning på nettRedd Barna, Elevkanalen, Skolen
Samtale om korleis du kan påverke andre og bli påverka sjølv
Velje og bruke eigna digitale verktøy for læring
Diskutere og reflektere over kva vi bruker digitale einingar til på skulen og heime (P – til dømes podkast)
Reflektere over eigen skjermbruk

Etter 10. trinn

Digital kompetanseMål for opplæringaDigitale ressursarFag

Skapa og produsera


Produsere og redigere tekster, samt følge gitte formkrav som skriftstørrelse, linjeavstand, skrifttype og topp- og bunntekstWord, PagesNorsk, engelsk og KRLE
Bruka biletverktøy i samansette tekstar, slik som beskjering, rotering og tekstbryting.Alle praktisk-estetiske fag
Produsera og redigera munnlege og samansette tekstar.
Bruka digitale verktøy i skapande prosessar, som for eksempel å skapa tredimensjonale figurar og eksperimentera med lyd.
Utforska matematiske eigenskapar og samanhengar ved å bruka programmering, for eksempel funksjonar.
Bruka programmering til å utforska og forstå teknologiske system med ein sendar og ein mottakar, samt simulera utfall.
Bruka læringsplattformer for filutveksling………Skolearbeid, itslearning, Teams, etc…
Lagra filer, tekst, bilete som er lett å finna tilbake til.

Samhandla og kommunisera


Bruka samskrivingsverktøy.
Velja og bruka passande presentasjonsverktøy, for å kommunisera om faglege emne og aktuelle tema.
Laga, gjennomføra og presentera eigne digitale undersøkingar.
Utforska ulike plattformer for digital samhandling, i forum med og utan ansvarleg redaksjon.

Kjeldebruk


Søka og finna relevante kjelder, og avgjera om desse er gode og pålitelege, samt kunna gjera greie for val av kjelde.Safari, dubestemmer.no, delrett.no, Faktisk.no
Samanlikna kjelder og vurdera kritisk (TONE)
Oppgje kjelder på ein etteretteleg måte: Direkte sitat med hyperlenke og indirekte sitat, samt kjeldeliste med avsendar, tittel, nettadresse og dato.
Bruka digitale verktøy til å fremja forskjellige synspunkt, og vita korleis data kan vera manipulert, samt drøfta kor gyldige og relevante funna er.
Forklara opphavsrett, andsverklova, plagiat og personvern. Kjenna til ver-varsam-plakaten og tekstreklameplakaten.– Er dette ein digital kompetanse? Skal heller vera med i samfunnsfag eller norsk.
Endra mål til: Bruka… med eit bevisst forhold til. Pass på at den ikkje blir ein duplikat av mål om kjelder.

Digital livsmeistring


Bruka ulike støttefunksjonar i eit program for å bearbeida innhald/tekst, slik som eksempelvis søkefunksjon, stavekontroll, snarvegar på tastaturet og engasjerande lesar
Velja ut og bruka ulike verktøy og digitale løsingar føremålstenleg for ulike føremål, mellom anna jobbsøknad og e-post.
Vera i stand til å utvikla eigen digital kompetanse vidare.??? Treng rettleiarar og ressursar for å få dette til. – stryka denne?
Forstå og kunna bruka ulike typar kart og digitale verktøy til å orientera seg i kjende og ukjende omgjevnader.Google Maps, Apple Kart, Google Earth, Norgeskart, norgeibilder.no, temakart-rogaland.no
Ha kunnskap om og kunna bruka ulike digitale verktøy, for å kunna velja mellom desse til å presentera faglege emne.– Ta denne bort. Den blir dekt av alle dei andre kompetansane i rettleiaren.
Vera bevisst eigen digital identitet, og ha kunnskap om korleis eigen aktivitet kan påverka sjølvbilete og eigne grenser.
Kjennskap til sentrale lover, reglar og normer for oppførsel på nett, og kjenna til kva konsekvensar brot på desse kan føra til.
Ha strategiar for best mogleg å handtera påverknad, uønska hendingar og mobbing i sosiale medier.

Digital bevisstheit


Utforske hvordan algoritmer kan skapes, testes og
forbedres, og være bevisst på hvordan algoritmer kan
være manipulert og styrende
Identifisere og reflektere over hvordan appropriasjon
brukes i medier og populærkultur
Utforske og drøfte hvordan digitale medier påvirker og
kan brukes til å påvirke
Reflektere over hvordan ulike fora på nett (med og
uten ansvarlig redaksjon) påvirker samfunnsdebatten
Strand kommune
Vel målgruppe: