Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand har gått saman om å utvikla ein felles kunnskapsportal for Ryfylkeskulen. Denne kunnskapsportalen vil erstatta den tidlegare appen Spør Morten og intralinken til Hjelmelandsskulen.
På Ryfylkeskulen.no vil du mellom anna få tips og rettleiing, lesa om ulike undervisningsmetodar, og sjå oversyn over digitale læremiddel og verktøy. Portalen er under utvikling, og det vil stadig dukka opp ny informasjon og nye funksjonar i tida framover. Mellom anna jobbar me med å utarbeida ein rettleiar for elevane sin digitale kompetanse, som du kan bruka som hjelp til å planleggja undervisninga i digitale ferdigheiter.
Frå og med skuleåret 2024/2025 er det òg på Ryfylkeskulen.no du skal leggja inn ynskje om nye digitale læremiddel og verktøy. Alle nye forslag skal vurderast av fagnettverk skule, der Morten er Hjelmeland kommune sin representant. I samarbeid med fagnettverk skule og fagnettverk personvern, har me sett som eit internt mål at alle ynskje om digitale læremiddel og verktøy skal vurderast i løpet av tre månader.
Til skuleåret 2024/2025 har Hjelmelandsskulen bestilt følgjande digitale læremiddel og verktøy:
Følgjande digitale læremiddel og verktøy er oppsagde:
Me har òg opna opp for Sykkeldyktig frå Trygg Trafikk, som er ein opplæringsportal for alt som handlar om sykkelopplæring, tilpassa lærarar som har ansvar for kroppsøving og skal gjennomføra trafikk- og sykkelopplæring på 4.–7. trinn.
Sjå elles komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen.
Treng du påfyll eller oppfriskning om programmering, Swift Playgrounds eller Minecraft Education? Hugs å sjekka elæringskursa frå Kreasjon, som me har lisens på ut 2024.
Reglane om lån og bruk av læringsbrett blir justerte frå og med skuleåret 2024/2025. Den viktigaste endringa er at elevane på 1.–2. trinn som hovudregel skal lada læringsbrettet på skulen over natta, medan elevane på 3.–10. trinn skal ta læringsbrettet med seg heim som før. Viss elevane på 1.–2. trinn skal gjera heimelekser på læringsbrettet, må dei sjølvsagt ta den med seg til og frå skulen.
Frå og med skuleåret 2024/2025 skal endå fleire skuleadministrative oppgåver gjerast i IST Lærarportal. Du får opplæring på skulen din. I tillegg vil me tilrå at du bruker spørsmålsteikna som er plassert rundt omkring i løysinga, for å få hjelp til akkurat den modulen som du har klikka deg inn på.
Sjå elles informasjonen som dei føresette har fått om IST Home.
Barnetrinnet: Det er oppretta to nye terminar – Barnetrinn H2024 og Barnetrinn H2025. Terminane må leggjast inn i faga der tilsette bruker itslearning til å skriva halvårsvurderingar.
Ungdomstrinnet: Terminar må leggjast inn i alle fag i itslearning, i starten av skuleåret. Det er oppretta to nye terminar – Ungdomstrinn H2026 og Ungdomstrinn V2027. Desse terminane er sisteåret til dei som startar på ungdomsskulen i haust. Dei som ynskjer å planleggja og få oversikt over eit fag over tre skuleår – for eksempel kunna henta ut rapport over brukte kompetansemål for heile skuleløpet på ungdomsskulen – kan leggja inn terminane for alle dei tre skuleåra som faget skal brukast.
Sjå elles rettleiaren om halvårsvurdering i itslearning.
I løpet av hausten 2024 vil me testa ut Jamf Safe Internet; eit betre nettfilter som forhåpentlegvis vil gjera det enklare for oss å stenga elevane sin tilgang til nettspel, reklame og anna uønska og skadeleg innhald i nettlesaren på iPaden sin. Målet er at elevane våre skal bruka meir av skuletida si på læring, og mindre tid på tull og vas som øydelegg for konsentrasjonen og merksemda deira.
Suldal kommune har allereie kome i gang med testinga, og gjort seg nokre erfaringar, som me vil bruka når me skal testa ut nettfilteret i vår kommune.
Dokker vil få meir informasjon før me aktiverer nettfilteret, og deretter er me avhengige av å få tilbakemeldingar dersom noko ikkje fungerer. I innkjøringsfasen kan ein nemleg oppleva at nettfilteret blokkerer enkelte sider som elevane faktisk skal ha tilgang til. Desse nettsidene kan me då opna for manuelt, slik at nettfilteret til slutt fungerer så optimalt som mogleg.
Det er oppretta nye team og OneNote-klassenotatblokker for
Alle dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår.
Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng, og lukka klassenotatblokker som du ikkje treng. Sjå korleis du koplar til nye OneNote-klassenotatblokker, og les om korleis me bruker klassenotatblokker i Hjelmelandsskulen.
Kanskje du òg vil repetera rutinen for vekeplanar i OneNote?
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2024/2025:
Morten er framleis tilsett i 30 prosent stilling som rådgjevar for skuleutvikling. I tillegg til ein del administrative oppgåver, ynskjer han å vera med på utviklingstid, rettleiing og undervisning ute på skulane. Dei som har gitt beskjed om at dei ynskjer rettleiing blir kontakta direkte. Elles kan du sjølvsagt booka tid med Morten direkte i denne kalenderen, eller bruka Kalender eller Teams til å avtala tid.
Vekedag | tysdagar | fredagar |
Tidspunkt | kl. 12:30–16:00 | kl. 08:30–16:00 |
Øyremerka føremål | Utviklingstid på skulane Rettleiing på skulane Møtetid |
Rettleiing på skulane |