Til skuleåret 2025/2026 har Hjelmelandsskulen bestilt følgjande digitale læremiddel og verktøy:
Sjå elles komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen.
Frå og med sist skuleår har Hjelmelandsskulen brukt Dysmate til å gjennomføra screening- og oppfølgingsstestar for å avdekka og følgja opp dysleksi. Målet er tidleg innsats, slik at ingen barn skal gå gjennom Hjelmelandsskulen med uoppdaga dysleksi.
Dersom du har mistanke om at ein eller fleire av elevane dine har lese- og skrivevanskar som kan forklarast med dysleksi, kan du ta kontakt med logoped, rektor eller spesialpedagogisk koordinator ved din skule, eller rådgjevar for skuleutvikling for å avtala testing.
Reglane om lån og bruk av læringsbrett blei justerte frå og med skuleåret 2024/2025. Den viktigaste endringa er at elevane på 1.–2. trinn som hovudregel skal lada læringsbrettet på skulen over natta, medan elevane på 3.–10. trinn skal ta læringsbrettet med seg heim som før. Viss elevane på 1.–2. trinn skal gjera heimelekser på læringsbrettet, må dei sjølvsagt ta den med seg til og frå skulen.
I tillegg minnar me om at læringsbretta som hovudregel skal liggja på skulen i alle skuleferiar.
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2025/2026:
Morten er framleis tilsett i 30 prosent stilling som rådgjevar for skuleutvikling. I tillegg til ein del administrative oppgåver, ynskjer han å vera med på utviklingstid, rettleiing og undervisning ute på skulane. Dei som har gitt beskjed om at dei ynskjer rettleiing blir kontakta direkte. Elles kan du sjølvsagt booka tid med Morten direkte i denne kalenderen, eller bruka Kalender eller Teams til å avtala tid.
| Vekedag | tysdagar | torsdagar | fredagar |
| Tidspunkt | kl. 12:30–16:00 | kl. 12:00–15:30 | kl. 12:00–15:30 |