Kom i gang med læringsbrett

Hjelmeland kommune bruker iPad som læringsbrett på 1.–10. trinn.

Når du startar som tilsett ved skulen, får du utdelt ditt personlege læringsbrett av rektor.
Viss læringsbrettet ikkje er sett opp på førehand, kan du følgja denne rettleiinga for å koma i gang.

Du treng ein administrert Apple ID for å logga deg inn på iPaden, og konto til både Feide og Microsoft 365 for å logga deg inn på dei fleste læremidla og verktøya som du skal bruka. Rektor, skulesekretær eller IKT-ressurslærar kan hjelpa deg vidare viss du manglar nokon av desse.

Under finn du eit oversyn over dei viktigaste appane og verktøya. Viss du klikkar deg inn på éin og éin app, vil du få meir informasjon om denne – mellom anna kva konto du skal bruka for å loggar deg inn.

Når du er klar for det, kan du bla deg gjennom alle digitale læremiddel og verktøy som er tilgjengelege i Hjelmelandsskulen.

Den gode økta

Den gode økta er eit rammeverk som hjelper læraren med å gje elevane tilstrekkeleg og nødvendig informasjon, og dermed skapa struktur og tryggleik i undervisninga.

SAMR-modellen

Læringsbretta skal vera mykje meir enn ei dyr, digital skrivebok. Greier du å bruka læringsbretta på nye og kreative måtar, som hadde vore heilt utenkelege utan teknologi?

Hjelp og rettleiing

Den beste måten å læra seg å bruka læringsbrett, er rett og slett berre å koma i gang med å bruka det. Ikkje ver redd for å trykka, så lenge du les kva du trykker på. Viss du likevel treng meir hjelp og rettleiing, kan du spør IKT-ressurslærar eller rektor ved din skule.

Under har me òg samla nokre ressursar som det er veldig greitt for deg å kjenna til:

Strand kommune
Vel målgruppe: