Tenesta blir brukt av tilsette i éin eller fleire grunnskular i Ryfylke, men behandlinga av personopplysningar blir ikkje forvalta av oppvekstsektoren, og dermed har ikkje fagnettverk skule ansvar for personvern- og risikovurderingane knytte til denne tenesta.
Ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne tenesta ligg på kommunenivå, og blir følgt opp av kommunen sjølv eller Ryfylke IT-samarbeid KO.
Oppdatert behandlingsprotokoll og tilhøyrande personvern- og risikovurderingar, er dokumenterte i Draftit eller Compilo.
Treng du meir informasjon om behandlinga av personopplysningar i denne tenesta, kan du kontakta personvernombodet i kommunen din.