Ein læringsbrett skal vera mykje meir enn ei dyr, digital skrivebok. Difor bør læraren bruka SAMR-modellen som ein rettleiar for å ta i bruk læringsbrettet på nye og kreative måtar, som hadde vore heilt utenkelege utan teknologi.
Alt for ofte har ny teknologi blitt introdusert i skulen, utan at det har ført til endra undervisning og meir læring for elevane. Arbeidsmåtane har stort sett vore dei same, og eit klasserom frå moderne tid treng ikkje nødvendigvis vera så veldig forskjellig frå eit klasserom for 100 år sidan.
Med fagfornyinga (LK20) og innføringa av læringsbrett i skulane i Ryfylke, ligg forholda godt til rette for å utfordra oss sjølv som pedagogar: Korleis kan me bruka teknologien til å endra eller til og med omdefinera undervisninga, slik at elevane får prøva ut nye oppgåvetypar og arbeidsmåtar, som hadde vore heilt utenkelege og uoppnåelege utan denne teknologien?
SAMR-modellen er utvikla av dr. Ruben R. Puentedura. Modellen illustrerer korleis læraren kan utvikla sin pedagogiske praksis, ved å bruka teknologi som hjelpemiddel til å endra undervisning, oppgåvetypar og arbeidsmåtar.
Målet med innføring av teknologi skal ikkje vera teknologien i seg sjølv, men at nye oppgåvetypar og arbeidsmåtar kan bidra til meir djupnelæring og auka læringsutbytte.