Om tenesta
Bruk Microsoft Authenticator for enkel og trygg pålogging til alle dine nettbaserte kontoar med fleirfaktorautentisering, passordfri pålogging eller automatisk utfylling av passord. Du kan òg administrere Microsoft-kontoane dine for privat, jobb eller skule.
Fleirfaktorautentisering (MFA) gjev eit ekstra tryggingslag. Etter å ha skrive inn passordet ditt ved pålogging, må du stadfesta identiteten din gjennom ei varsling i Authenticator-appen eller ved å skriva inn ein eingangskode (OTP).
OTP-kodane varer berre i 30 sekund, slik at du aldri kan bruka den same koden to gonger. Du treng ikkje vera tilkopla nettverk for å bruka OTP.
Tips 1: Bruk appen på mobilen din, for å leggja til eit ekstra tryggingslag. Viss nokon skulle få tilgang til iPaden din, har du framleis OTP-kodane beskytta på mobilen din.
Tips 2: Logg inn med ein personleg Microsoft-konto for å ta backup av kodane. Viss du byter mobil eller iPad, vil nøklane til dei ulike kodane likevel liggja lagra på den personlege Microsoft-kontoen din.