Om tenesta

Untis er eit program som vert nytta av dei største skulane i Rits. Programmet gjer det mogleg å organisere timeplanar, kurs, og romreservasjonar på ein fleksibel måte. Ein av hovudstyrkene til Untis er ei avansert optimeringsalgoritme som automatisk utarbeider skuleplanar på ein rask og effektiv måte, noko som gjer det enklare for skular å administrere kvardagen sin.

Untis tilbyr ei rekkje tilleggsfunksjonar gjennom moduler som blant anna vikarhandtering, registrering av fråvær, og ressursplanlegging. Programmet har vorte kontinuerleg utvikla sidan 1970-talet og vert i dag brukt av meir enn 30 000 skular i over 80 land.

Eit anna verktøy knytt til Untis er WebUntis, som gir moglegheit for online-tilgang til skuledata, slik som timeplanar og fråværsregistrering, samt integrering av eksterne applikasjonar.

Til saman gjer desse funksjonane Untis til eit fleksibelt og nyttig verktøy for å effektivisere administrasjonen av skular.

Bruksområde
Kva kommunar bruker tenesta?
Målgruppe
Lisensmodell
Tenesta er inkludert i IST Everyday
Personvernrisiko

Middels – Det blir for eksempel lagra personopplysningar i form av elevarbeid, skriftleg eller munnleg, lyd og bilete, eller fritekstfelt som ikkje legg opp til sensitive personopplysningar, samt lagring av brukaren sin identitet, skule, gruppetilhøyring, m.m.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: tilsette
Personvernstatus
  • Signert databehandlaravtale?
    Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand
Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: