Hjelmelandsskulen bruker iPad som læringsbrett for alle elevane på 1.–10. trinn. Dette regelverket fortel om korleis elevane bruker læringsbrettet på best mogleg måte. Dei førsette skal gå gjennom reglane med barnet sitt, og stadfesta at reglane er lesne og forståtte.
Reglane for lån og bruk av læringsbrett er oppdaterte før skuleåret 2026/2027. Her er ei kort oversikt over dei viktigaste endringane og presiseringane.
Lading
Reglane for lading er endra:
-
-
- På 1.–4. trinn skal læringsbrettet som hovudregel liggja igjen på skulen.
- På 5.–7. trinn avgjer lærarane om læringsbrettet skal liggja igjen på skulen eller takast med heim for leksearbeid.
- Det er no berre elevar på 8.–10. trinn som fast skal lada læringsbrettet heime. Tidlegare gjaldt dette elevar på 3.–10. trinn.
Skuleferiar
Det er nå presisert i reglane at læringsbrettet ikkje kan takast med heim i skuleferiar utan ein eigen avtale med kontaktlæraren. Dette formaliserer gjeldande praksis.
Melding om skade
Det er nå tatt inn i reglane at skadar på læringsbrettet skal meldast snarast, uavhengig av om skaden kjem av eit uhell, aktløyse eller ei medviten handling. Dette er òg berre ei formalisering av gjeldande praksis.
Utlån og bruk av læringsbrett
Bruk av læringsbrett i Hjelmelandsskulen
- Læringsbrettet er eit viktig verktøy i elevane si læring og utvikling.
- Læringsbrettet er skulen sin eigedom medan eleven går på skulen.
- Dei tilsette bestemmer kor og når læringsbrettet skal brukast, og kva det skal brukast til.
- Tilsette kan inndra læringsbrettet ved brot på reglane, anten for resten av timen eller for ei fastsett tid.
- Læringsbrettet skal alltid oppbevarast og fraktast forsvarleg, med nødvendig beskyttelse, for å unngå skadar og slitasje.
Heimebruk
- Føresette har ansvar for korleis elevane bruker læringsbrettet utanom skuletid.
- Les gjerne rettleiar for heimen for tips og råd om mellom anna grensesetting og skjermbruk.
- Oppdateringar av operativsystem og appar må gjerast heime utanom skuletida.
Lading
- Ladaren skal merkast med namneetikett.
- På 1.–4. trinn skal læringsbrettet som hovudregel liggja igjen i ladeskapet på skulen, så lenge eleven ikkje skal gjera heimelekser på læringsbrettet.
- På 5.–7. trinn bestemmer lærarane om læringsbrettet skal liggja igjen i ladeskapet på skulen, eller om eleven skal gjera heimelekser på læringsbrettet, og difor må lada læringsbrettet heime.
- På 8.–10. trinn skal eleven lada læringsbrettet heime. Læringsbrettet skal vera ferdig opplada før skuledagen startar.
Dette er ikkje lov
- Dela brukarnamn og passord med andre.
- Strøyma filmar eller spela spel på skulen utan samtykke frå tilsett.
- Lasta ned, oppbevara, distribuera eller kopiera materiale som bryt med opphavsrett eller lover.
- Lasta ned eller visa upassande materiale.
- Bruka utstyret på måtar som bryt med skulen sine reglar.
- Øydelegga læringsbrett, tastatur og ladar.
- Klistra på merker, dekorera eller teikna på læringsbrettet.
- Byta læringsbrett med andre elevar.
- Bruka læringsbrettet i friminutta.
- Eta eller drikka medan ein brukar læringsbrettet.
- Transportera læringsbrettet utan nødvendig beskyttelse.
- Ta med læringsbrettet heim i skuleferiar, utan eigen avtale med kontaktlærar.
Skader og erstatningsansvar
- Viss læringsbrettet blir øydelagt eller ikkje fungerer, får eleven låna eit nytt læringsbrett.
- Uavhenging av om skaden på læringsbrettet kjem av eit uhell, aktløyse eller ei medviten handling, skal ein føresett snarast senda inn skademeldingsskjemaet på vegner av barnet sitt.
- Viss læringsbrettet blir skada med vilje eller på grunn av aktløyse (uaktsomhet), må føresette erstatta læringsbrettet – heilt eller delvis – i samsvar med forskrift om skulereglar i Hjelmelandsskulen og Lov om skadeerstatning.
Fleire spørsmål?
Har du spørsmål om reglane eller bruken av læringsbrett, kan du kontakta