Ved starten av skuleåret 2019/2020 blir det 1:1 dekning av iPad frå 1. til 10. trinn i Hjelmelandsskulen. For å lukkast med bruk av dei digitale verktøya i undervisninga, må me setja IKT-satsinga inn i ei større heilskapleg pedagogisk samanheng. I utviklinga av den digitale Hjelmelandsskulen handlar det mest om kva læraren kan gjera for at teknologien som ein har tilgang på gjev meir læring og motivasjon for elevane.
Digitale ferdigheter er éin av dei fem grunnleggande ferdigheitene i Rammeverk for grunnleggende ferdigheter, og dei digitale ferdigheitene vil få ein større plass i dei nye læreplanane som skal gjelda frå skulestart hausten 2020. I rammeverket, som er revidert i samband med fagfornyinga, blir digitale ferdigheiter definert slik:
Digitale ferdigheter vil si å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser. Det innebærer å kunne bruke digitale ressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver. Digitale ferdigheter innebærer også å utvikle digital dømmekraft ved å tilegne seg kunnskap og gode strategier for nettbruk.
Regjeringa sin digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa peikar ut retninga for bruken av IKT i opplæringa.
Elevane si læring er kjernen i strategien: Gjennom tiltaka i strategien, vil regjeringa bidra til at skulen utnyttar digitale hjelpemiddel betre, og rustar elevane til å leva godt både nå og i framtida.
Elevene må difor utvikla både kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å kunna meistra liva sine, og kunna delta i arbeid og felleskap i samfunnet.
I digitaliseringsstrategien er eitt av tiltaka å gje alle elevar opplæring i teknologi. Det inneber blant anna å forstå og handtera algoritmisk tenking og programmering. Teknologi er òg omtalt i overordna del av læreplanverket – I kapittel 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang, står det:
Barn og unge er nysgjerrige og ønsker å oppdage og skape. I opplæringen skal elevene få rike muligheter til å utvikle engasjement og utforskertrang. Evnen til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere er viktig for dybdelæring.
Gjennom utdanningsløpet skal elevane tileigna seg den kompetansen som dei vil trenga i framtida. For å lukkast med dette, skal me i Hjelmelandsskulen respektera og dyrka fram forskjellige måtar å utforska og skapa på. Elevane skal få læra og utvikla seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar.
Pedagogisk IKT-rettleiar Morten Hetland underviser til dagleg på ungdomsskulen, men vil hjelpa alle skulane i Hjelmeland med utviklingsarbeidet og rettleiing heilt inn i klasserommet. Den nye tittelen som pedagogisk IKT-rettleiar tydeleggjer at arbeidet hans skal knyttast til elevane si læring og skulane si utvikling. Pedagogisk IKT-rettleiar vil vera bindeleddet mellom rektorane og lærarane på skulane og oppvekstsjef og IT-avdelinga på Kommunehuset, i tillegg til å samarbeida med ressurslærarane på kvar enkelt skule.