Hjelmelandsskulen bruker læringsbrett i undervisninga, for å læra digitale ferdigheiter, legga til rette for meir utforsking og kreativitet, betre tilpassa opplæring, auka motivasjon og ein meir variert skulekvardag. I tillegg til opplæringa på skulen, ber me heimane om å snakka med sitt barn om bruken av læringsbrettet.
Kva gjer eg når eleven min har fått utlevert eit læringsbrett?
Snakk saman med barnet ditt om
- Kva betyr læringsbrettet for oss? Kva skal det brukast til, og kva skal det ikkje brukast til? Fortrinnsvis skal læringsbrettet brukast til skulearbeid, men det er foreldra/føresette – saman med barnet –som lagar reglar for forsvarleg bruk av læringsbrettet heime.
- Kor mykje skjermtid får eleven bruka på fritida? Lag reglar saman. Gjer gjerne forskjell på kvardag og helg, sidan elevane allereie bruker læringsbrettet til både skule- og heimearbeid i vekedagane.
- Ver ein god rollemodell som bidrar til digital danning. Barnet lærer av å sjå kva vaksne gjer.
- Gå gjennom reglane for lån og bruk av læringsbrett i Hjelmelandsskulen saman med barnet ditt.
Lær saman med barnet ditt
Barnet kan for eksempel fortelja deg om noko som han/ho har lært på skulen. Dersom du viser interesse, aukar eleven si læring og motivasjon. La barnet vera den aktive, og nytt sjansen til å lytta!
Set kloke grenser som er tilpassa barnet sin alder og modenheit
- Føresette bestemmer over bruken av læringsbrettet heime, på same måten som føresette bestemmer over bruk av telefon, PC og TV.
- Det er viktig at føresette set rimelege grenser for korleis læringsbrettet skal brukast. Involver gjerne barnet i arbeidet med å laga reglane.
-
Eksempel på slike reglar kan vera at læringsbrettet ikkje skal vera på soverommet etter leggetid, eller kanskje ikkje i det heile tatt.
-
Barn er forskjellige, så det kan vera vanskeleg å ha felles reglar. Forklar i så fall kvifor dokker gjer forskjell.
-
Læringsbrettet bør ha ein fast ladeplass, slik at den er lett å finna og ta med seg på skulen kvar dag.
-
Barnet får lov til å bruka læringsbrettet til andre aktivitetar enn skulearbeid, dersom det ikkje kjem i konflikt med skulearbeidet (gjeld både tidsbruk og lagringsplass).
-
Kva skal barnet gjera dersom det dukkar opp uønska innhald, eller at eleven gjer ein feil eller opplever noko vondt på nettet? Det er viktig at du som forelder er open og tilgjengeleg, slik at barnet føler at det er trygt å koma til deg dersom det skjer noko ubehageleg.
-
Barn har rett på sitt eige privatliv, òg på digitale dingsar. Prøv å finna balansen mellom å la barnet få ha sitt eige privatliv, samtidig som du som vaksen følger med på kva barnet bruker læringsbrettet til.
-
Hugs verdien av at barn kan læra av sine eigne feil. Full kontroll og straff fungerer dårleg.
Helse, søvn og læringsbrett
- Hjelp barnet til å variera sitjestilling. Bruk gjerne tastaturet til å stilla inn vinkelen på læringsbrettet, slik at barnet unngår unødig belasting.
-
Sjekk at lysstyrken på skjermen ikkje er for høg, og varier avstanden til skjermen. Skru på
Mørk modus og Night Shift for å redusera belasting av augene.
-
Den viktigaste kommunikasjonen mellom menneske skjer ansikt til ansikt. Hjelp barnet med å avgrensa skjermtida utanom læringa.
-
Det er tilrådd å avslutta skjermtida minst éin times tid før sengetid, og at læringsbrettet blir lagt i stova eller på kjøkkenet om natta, altså ute av soverommet – saman med anna digitalt kommunikasjonsutstyr.
Råd om skjermtid
Avgrensingar av skjermtid bør ikkje gå ut over pedagogisk bruk av digitale læremiddel til skulearbeid.
Spesiell merksemd bør rettast mot passiv skjermtid på fritida. Med passiv skjermtid meinast tid framfor TV, nettbrett, PC eller mobiltelefon som inneber lite eller inga form for fysisk aktivitet, rørsle eller samhandling.
Skjermtid kan variera mellom passiv bruk og meir aktiv skjermbruk, som til dømes spel som inneber aktivitet, spel der ein utforskar omgjevnadene eller spel som er kognitivt utfordrande. Aktiv skjermtid som inkluderer aktivitetar vil ikkje vere omfatta av dette rådet.
Kjelde: Helsedirektoratet
Meir informasjon
Fleire spørsmål?
Har du andre spørsmål om læringsbrett, kan du kontakta