Om tenesta

Norskutvikla spel som hjelper barn med å knekka lesekoden gjennom leik. Spelet legg til rette for eit uendeleg antal repetisjonar av koplinga mellom lyd og bokstav, utan at barnet tenker over det. Barn som er i risikogruppa for å få dysleksi, har nytte av mange repetisjonar av koplinga mellom lyd og bokstav.

Spelet kan gje barna auka fonologisk medvit, og kan vera eit godt verktøy for elevar som har behov for mange repetisjonar i avkodingsprosessen.

Siden appen er eit spel, vil motivasjonen for å «trena» vera stor hjå mange barn. Spelet kan brukast både som lekse og som stasjonsundervisning i klasserommet.

MERK: Ved første bruk av appen får eleven tilgang til å spela gjennom dei fem første banane. For at elevane skal få tilgang til alt innhaldet i appen, må skulen/kommunen først kjøpa éin eller fleire lærar-lisensar til Kahoot! EDU. Både elev og lærar må dessutan ha Kahoot!-appen installert på sine læringsbrett. Når lærar har fått tildelt lisens til Kahoot! EDU, kan lærar gje eleven tilgang ved å dela elevpass i Kahoot!-appen.

Plattform
Bruksområde
Digital kompetanse
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Sauda og Hjelmeland, men ikkje godkjent i Suldal og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Kode tildelt av lærar
Lagring
Filene blir lagra berre i appen
Lisensmodell
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Personvernrisiko

Ingen – Det blir ikkje lagra personopplysningar.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar ikkje personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar
Databehandlarar
  • Leverandør: Kahoot Dragonbox AS
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    • Lærar skal logga på med sin Kahoot! EDU-konto.
    • Deretter skal lærar dela QR-kode med elevane sine, slik at elevane får tilgang til appen på læringsbrettet sitt utan å måtta logga inn.
    • Elevar skal berre bruka eit kallenamn i appen, og ikkje sitt faktiske namn.
Personvernstatus
  • Leverandørerklæring
    N/A
  • Gjennomført innleiande vurdering?
    ✓
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
    N/A
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
  • Signert databehandlaravtale?
    N/A
Kommentar/retningsliner

Elevane skal ikkje logga inn med brukarkonto i appen, og har berre tilgang gjennom elevpass som er delt av ein lærar ved skulen. Dermed lagrar ikkje appen informasjon om verken eleven eller eleven sin faglege progresjon.

Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: