Om tenesta

Tinkercad er eit ypparleg verktøy i samband med 3D-modellering, kunnskap om elektroniske krinsar, og for å byggja opp forståing for grunnleggjande prinsipp i programmering.

Skulane kan for eksempel bruka appen i kunst og handverk, valfaget programmering, og i skulen sin skaparverkstad.

Tinkercad tilbyr undervisningsopplegg til ulike fag, for å hjelpa deg med å koma i gang med appen.

Plattform
Digital kompetanse
Korleis loggar ein på?
Lærar opprettar konto, Kode tildelt av lærar
Kor blir filene lagra?
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Korleis er lisensmodellen?
Tenesta er gratis
Databehandlarar
  • Leverandør: Autodesk Inc.
Personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, brukarnamn, gruppe, brukarprodusert innhald
Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Kommentar/retningsliner
  • Lærar må oppretta sin eigen teacher-konto (klikk på Educators start here, når du registrerer kontoen din)
  • Når lærar-kontoen er aktivert, kan læraren oppretta klassar i menyen (Classes).
  • Legg til éin og éin elev, eller legg inn ei liste over alle elevane i klassen. Ikkje bruk elevane sine namn, men legg inn Feide-brukarnamnet som både Name og Nickname.
  • Viss det er fleire lærarar som jobbar i klassen, kan du leggja til ein co-teacher.
  • Når klassen er oppretta, får du ein klassekode og ein class link som du kan dela med elevane.
  • Gje elevane beskjed om at dei skal logga seg inn med Feide-brukarnamnet.

NB: I Hjelmeland administrerer rådgjevar skuleutvikling klassane, slik at desse er ferdig oppretta og klare til å ta i bruk. Send e-post eller Teams-melding til Morten Hetland, for å be om tilgang til ein Tinkercad-klasse.

Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: