Om tenesta
Tenesta kan brukast til å produsera lyd- eller videopodkastar i samband med undervisninga, og det er berre lærarar som kan produsera innhald i den.
Tenesta kan brukast til å produsera lyd- eller videopodkastar i samband med undervisninga, og det er berre lærarar som kan produsera innhald i den.
Lærar må sjølv sletta sin eigen brukar og innhald når læraren ikkje har behov for å bruka tenesta meir.
Det er viktig at lærarane regulerer innhaldet i undervisninga, og ein føresetnad for bruk av tenesta er at elevar ikkje skal inkluderast i produksjonen og at lærar ikkje blir pålagde å bruka tenesta.
Leverandøren skriv i sin policy at dei overfører informasjon til sine serverar i USA, og at dei kan dela personopplysningane med sine underleverandørar. Tenesta er gratis, noko som gjer at brukarane kan bli utsette for marknadsføring og/eller at det blir samla inn aktivitetsdata. Det er usikkert kva som blir gjort med desse opplysningane. Leverandør oppgir at dei følgjer EU-kommisjonen sin SCC, og tenesta er difor godkjend for frivillig bruk av lærar.
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Samtykke.
Tenesta er berre godkjent for frivillig bruk av lærarar, som sjølv må oppretta brukarkonto og samtykka til leverandøren sine avtalevilkår.