Behandlinga omfattar innhenting, registrering, lagring, analyse og oppfølging av opplysningar om elevar gjennom digitale kartleggingar av skulemiljøet. Løysinga blir brukt til å dokumentere og følgje opp skulen sitt arbeid med å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø i tråd med opplæringslova kapittel 9 A.
Dette omfattar vanlege personopplysningar som namn, e-postadresse, kjønn, klasse, rolle og tilhøyring (henta frå Feide), samt brukarproduserte opplysningar i form av svar på undersøkingar (t.d. relasjonar og trivsel). Spekter Digital behandlar ikkje særlege kategoriar personopplysningar, men fritekstsvar kan i prinsippet innehalde slik informasjon dersom elevar sjølve legg det inn.
Behandlinga skjer automatisk ved innlogging via Feide og generering av sosiogram og rapportar i systemet. Lærarar og skuleleiing nyttar rapportane manuelt for å vurdere og følgje opp elevmiljøet. Løysinga loggfører aktivitetar for å sikre sporbarheit, men det er ikkje funksjonalitet for individuell sakshandsaming eller tiltak på einskild-elevnivå utover det som kjem fram i undersøkingane.
Behandlinga er kontinuerleg så lenge skulen har avtale om bruk av Spekter Digital, og data blir lagra så lenge det er nødvendig for formålet. Ved sletting blir heile undersøkingar eller heile skular med tilhøyrande data fjerna frå systemet. Opplysningar blir ikkje overførte til tredjepart eller tredjestat, og lagrast innanfor Noreg/EØS.