Om tenesta

I Pendel vil du som lærar få full oversikt over alle digitale læremiddel du har tilgjengeleg. Du vil til ei kvar tid sjå alle lisensar som du og elevane dine har fått tildelt, og kan også tildele ønskt læremiddel til rett elev etter behov. Etter tildeling kan læremiddelet takast i bruk umiddelbart. Du får også tilgang til nettbutikken vår, der du kan bla deg rundt i tusenvis av læremiddel og enkelt leggje inn ynskje for neste skuleår.

Plattform
Bruksområde
Kva kommunar bruker tenesta?
Målgruppe
Korleis loggar ein på?
Feide
Kor blir filene lagra?
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Databehandlarar
  • Leverandør: BS Undervisning
Juridisk
  • Behandlingsføremål:

    *

    Pendel samlar inn brukarinformasjon, uavhengig om brukarane har logga seg inn på Pendel eller ikkje. Ved å henta informasjon om elevar og grupper, utan at desse må logga inn først, kan Pendel henta inn oppdatert informasjon frå skulen sitt administrative system kvar dag. Dermed er lista over elevar og grupper på kvar enkelt skule alltid oppdatert.

    Pendel samlar inn gruppemedlemsidentifikatorar for alle elevane, for å kunna bruka Feide-grupper til å tildela lisensar. Ved å bruka informasjon om elevar, lærarar og grupper frå Feide, blir tildelinga av lisensar på individ- og gruppenivå forenkla. Klasse- og gruppeinndelinga blir òg sendt direkte til leverandørane av dei digitale læremidla, slik at dei kan registrera kva elevar og grupper som skal ha tilgang i sine system. Pendel mellomlagrar gruppene og held desse oppdaterte slik at administrator på skulane kan få oversyn over kva grupper som har fått tildelt kva lisensar og kva elevar som tilhøyrer den enkelte gruppa. På den måten kan pendel tildela eller fjerna lisensar dersom ein elev blir lagt til i eller tatt ut av ei gruppe.

Personopplysningar
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, organisasjon
Personvernstatus
  • Signert databehandlaravtale?
    Suldal, Hjelmeland
Kommentar/retningsliner

Strand og Hjelmeland har inngått rammeavtale med BS Undervisning for bruke løsningen Pendel. Pendel er en løsning der alle typer læremidler fra alle leverandører finnes på ett sted.

Suldal har eigen avtale om Pendel.

Sauda sjekkar om dei brukar Pendel.

Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: