Til skuleåret 2023/2024 har Hjelmelandsskulen bestilt følgjande digitale læremiddel og verktøy:
Me vidarefører i all hovudsak dei same læremidla som var tilgjengelege i sist skuleår. Prøv gjerne ut skriveverktøyet Skrible til 5.–10. trinn, samt Campus Naturfag til 8.–10. trinn.
Elles er det verdt å merka seg at Elevkanalen nå tilbyr ein totalpakke med nyheiter, fag, tema og seriar. Hjelmeland kommune har valt å kjøpa inn heile totalpakken. Denne korte filmsnutten viser mangfaldet og moglegheitene med Elevkanalen.
I løpet av skuleåret 2023/2024 skal me gjennomføra ei ny vurdering av kvaliteten på dei ulike digitale læremidla, og velja ut kva digitale læremiddel som skal vera med oss vidare inn i skuleåret 2024/2025.
Sjå komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen.
Det er oppretta nye Teams og OneNote-klassenotatblokker for
Alle dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår.
Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng. Sjå korleis du koplar til nye OneNote-klassenotatblokker, og les om korleis me bruker klassenotatblokker i Hjelmelandsskulen.
Me har kjøpt inn nye Voxicon Headset 881 til alle elevane på 1.–10. trinn.
Hovudsetta har innebygd mikrofon, noko som gjer dei godt eigna til å spela inn lyd, til dømes i forklaringsfilmar eller i leselekser.
Hovudsetta skal koplast til i mini-jack-porten, slik at elevane kan bruka hovudsetta sjølv om dei må lada læringsbretta.
Det er fint om rektorar og kontaktlærarar kan syta for at dei blir delte ut til elevane ved skulestart. Gamle hovudsett kan med fordel samlast inn og leggjast på lager på skulen, for dei kjem før eller seinare til nytte som erstattingshovudsett.
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2023/2024:
Frå og med skuleåret 2023/2024 er Morten tilsett i 30 prosent stilling som rådgjevar for skuleutvikling. Dermed har han fått fleire administrative oppgåver, i tillegg til å framleis vera tilgjengeleg for rettleiing på skulane.
Vekedag | tysdagar | onsdagar | fredagar |
Tidspunkt | kl. 14:00–15:30 | kl. 08:00–11:00 | kl. 08:00–15:30 |
Øyremerka føremål | Utviklingstid på skulane Møte med IKT-ressurslærarane | Rettleiing på skulane Kontortid Møtetid | Rettleiing på skulane Kontortid Møtetid |