Til skuleåret 2022/2023 har Hjelmelandsskulen bestilt følgjande digitale læremiddel og verktøy:
Nytt av året er at me har kjøpt skriveverktøyet Skrible til 5.–10. trinn, samt Campus Naturfag til 8.–10. trinn. Elles kan ein framleis bruka alle dei opne tekstane på Skolerom, sjølv om me har sagt opp abonnementet på læringsstiane på Skolerom.
Sjå komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen.
Det er oppretta nye Teams og OneNote-klassenotatblokker for
Alle dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår.
Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng. Sjå korleis du koplar til nye OneNote-klassenotatblokker, og les om korleis me bruker klassenotatblokker i Hjelmelandsskulen.
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2022/2023:
Frå og med skuleåret 2022/2023 er Morten si stilling som pedagogisk IKT-rettleiar redusert til 15 prosent, og mesteparten av dei administrative oppgåvene er flytta til IT, oppvekstsjef eller rektorane. Pedagogisk IKT-rettleiar skal i hovudsak jobba med rettleiing på skulane, og denne rulleringsplanen fram til juleferien:
Hjelmeland ungdomsskule | Hjelmeland barneskule | Årdal skule | Fister skule |
tysdagar kl. 09:00–11:15 | tysdagar kl. 09:00–11:15 | fredagar kl. 12:00–14:30 | fredagar kl. 12:00–14:30 |
6. september 20. september 25. oktober 22. november | 13. september 27. september 1. november 29. november | 20. september 21. oktober 15. november 9. desember | 23. september 7. oktober 11. november 2. desember |