Det er oppretta nye Teams og OneNote-klassenotatblokker for
Merk at nyoppretta Teams og OneNote-klassenotatblokker får nye prefiks frå og med skuleåret 2021/2022:
Alle dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår, og kjem til å behalda sine gamle prefiks (HJS, FIS, AAS).
Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng. Sjå korleis du koplar til nye OneNote-klassenotatblokker, og les om korleis me bruker klassenotatblokker i Hjelmelandsskulen.
Før sommarferien bad me om tilbakemeldingar på forslaget til innkjøp av digitale læremiddel og verktøy. Etter desse møta, har kommunestyret gjeve ei ekstraordinær løyving til læremiddel, slik at hovudpakken for skuleåret 2021/2022 blir slik:
Sjå komplett oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen for skuleåret 2021/2022.
I løpet av skuleåret, og seinast våren 2022, skal ein vurdera kvaliteten på dei viktigaste digitale læremidla.
Følgjande er IKT-ressurslærarar i skuleåret 2021/2022:
Årdal skule: May Linn Mæhle Fister skule: Lena Kleppa Hjelmeland barneskule: Harald Ommundsen og Siren Johanne Lorvik Hjelmeland ungdomsskule: Brith-Eline Øye
Apple kjem i løpet av 2021 til å avslutta iTunes U, og appen kjem dermed ikkje til å fungera lenger.
Videokursa frå IKT i Hjelmelandsskulen blir difor gradvis flytta til YouTube.
Det er oppretta brukarnamn og passord til årets førsteklassingar. 2.–10. trinn har dei same passorda som sist skuleår.
Lister med elev-passord til alle elevane blir sende til rektorane ved skulane, som sender vidare til kontaktlærarane.
Hugs at lister med elev-passord ikkje skal vera klistra på iPaden, eller henga på veggar i klasserom eller på arbeidsplassar. Det handlar om elevane sin tryggleik, og me er nøydde til å læra dei at passord er personlege, og ikkje skal vera tilgjengeleg for kven som helst.
iMAL har inkludert online iMAL-kurs i lisensprisen. Kursa blir sette opp kvar månad gjennom heile skuleåret, og skulen kan melda på pedagogar etter behov.
iMAL erfarer at skular som lét pedagogane delta på kursa, har lagt fleire innloggingar i læremidla, og greier å hjelpa fleire elevar som strevar med bokstavar, lese- og skrivestart.
I tillegg til nye onlinekurs, er dei digitale læremidla til iMAL oppdatert med:
Dragonbox har opna støtte for pålogging med Feide for både lærarar og elevar.
Den trinnvise Kom i gang-guiden på account.dragonbox.com er oppdatert i tråd med endringane.
Dessutan har NIFU publisert eit notat om ein effektstudie av Dragonbox Skole, med tittelen Innovativ matematikkundervisning på barnetrinnet førte til positive resultater.