itslearning forenklar arbeidet med å førebu og gjennomføra utviklingssamtalar.
Når midtvegsvurderingar og utviklingsplanar blir registrerte i itslearning på denne måten, får kontaktlærar raskt overblikk over alle midtvegsvurderingane – og eventuelle eigenvurderingane – til elevane, når han/ho førebur og gjennomfører utviklingssamtalar.
Denne arbeidsmåten gjer det mogleg å kopla midtvegsvurderingar og eigenvurderingar til utviklingsmål, og samla all denne informasjonen i éi og same visning for kvar enkelt elev, kontaktlærar og rektor.
Ved å registrera midtvegsvurderingar og utviklingsplanar på denne måten, blir informasjonen automatisk samanfatta av itslearning, og dermed blir dette ein relativt enkel og effektiv måte å dokumentera at undervegsvurderinga er i tråd med opplæringsforskrifta § 9-11.
MIDTVEGSVURDERING – gjeld for alle faglærarar
Arbeidet startar med at faglærar opprettar og registrerer midtvegsvurderingar i itslearning (må ikkje forvekslast med halvårsvurdering).
UTVIKLINGSPLAN – gjeld berre for kontaktlærarar
Når faglærarane har oppretta og registrert midtvegsvurderingar, er det svært enkelt for kontaktlærar å få oversikt over alle skriftlege tilbakemeldingar, slik at kontaktlærar kan bruka desse til å skriva ei overordna tilbakemelding. Deretter kan kontaktlærar – saman med eleven og føresette – skriva inn utviklingsmål for den komande perioden, gjerne i samband med elevsamtalen og utviklingssamtalen:
EIGENVURDERING – gjeld berre for elevar
Ifølgje opplæringsforskrifta skal elevane delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling. Dersom faglærar har aktivert eigenvurdering i samband med midtvegsvurderinga, kan eleven skriva eigenvurderinga si på same plass som faglærar si midtvegsvurdering viser. Eleven si eigenvurdering og faglærar si midtvegsvurdering blir samla og oversiktleg presentert for kontaktlærar.