Om tenesta

Microsoft MakeCode Arcade er ein gratis, nettbasert plattform for å læra koding gjennom å laga enkle 2D-spel. MakeCode Arcade er retta mot nybegynnarar, spesielt barn og unge, og tilbyr både blokkbasert og tekstbasert programmering i JavaScript og Python.

Brukarane kan testa spela direkte i nettlesaren eller på spesialbygde konsollar. Plattforma legg vekt på kreativitet og problemløysing, og inkluderer opplæringsprogram, malar og rettleiingar som gjer det enkelt å koma i gang.

Plattform
Bruksområde
Digital kompetanse
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Microsoft, Google
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er gratis
Personvernrisiko

Middels – Det blir for eksempel lagra personopplysningar i form av elevarbeid, skriftleg eller munnleg, lyd og bilete, eller fritekstfelt som ikkje legg opp til sensitive personopplysningar, samt lagring av brukaren sin identitet, skule, gruppetilhøyring, m.m.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, foto, e-postadresse, brukarprodusert innhald
Databehandlarar
  • Leverandør: Microsoft Corporation
  • Underleverandør(ar)
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    • Pålogging: Ein skal berre logga inn i tenesta gjennom Microsoft- eller Google-konto. Ein skal ikkje logga inn med privat brularkonto.
    • Lærar skal informera om nettvett, og gje elevane beskjed om at det ikkje skal leggjast personopplysningar inn i spel-designet eller programkoden.
  • Organisatoriske sikkerheitstiltak: person/rolle med ansvar for informasjonstryggleik, registrering og oppfølging av avvik, systemansvarleg i kommunen
  • Tekniske sikkerheitstiltak: passordbeskyttelse
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Tenesta er eit læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17. Tenesta behandlar opplysningar om elevar og lærarar, samt programkode som elevar og lærarar lagar i tenesta.

Personopplysningane blir lagra for å gje brukarane tilgang til tenesta, samt å lagra brukarprodusert innhald, slik at brukarane kan henta dette fram seinare.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Strand kommune
Vel målgruppe: