Personvernrisiko
Høg – Det blir for eksempel lagra opplysningar om eleven sine vurderingar, prestasjonar, poengsum, karakterar, måloppnåing, meistringsnivå, eller liknande.
Kikora er eit digitalt læremiddel i matematikk som legg vekt på utforsking, problemløysing og øving. Læremiddelet tilbyr interaktive læringspakker som inneheld introduksjonar og oppgåver designa for å fremje diskusjon og tankegang. Elevane kan arbeide på ulike nivå og får umiddelbare tilbakemeldingar på deira arbeid, noko som bidreg til sjølvstendig læring og forbetring av matematiske ferdigheiter. Kikora brukar også dynamiske illustrasjonar og interaktive oppgåver for å engasjere elevene, med tilgang til innhald frå alle trinn for å sikre mestring.
I Kikora får ein òg tilgang til MatteMaraton. MatteMaraton er ein årleg konkurranse som skal fremja engasjement for realfaga, by på problemsløysingsoppgåver i matematikk og få fleire elevar i fysisk aktivitet. Kvar elev jobbar med oppgåver på sitt individuelle nivå. På kvart trinn er det fem ulike løyper å velja mellom med ulik vanskegrad. Målet er å fullføra ein matteløype på sitt valde nivå og logga til saman 42,2 km aktivitet.
Kikora er eit lisensbasert læremiddel, men elevane kan delta i MatteMaraton utan at skulen/kommunen har kjøpt lisens.
Høg – Det blir for eksempel lagra opplysningar om eleven sine vurderingar, prestasjonar, poengsum, karakterar, måloppnåing, meistringsnivå, eller liknande.
Personopplysningane blir automatisk sletta etter 18 månader utan registrert aktivitet (innlogging), og/eller 18 månader etter at lisensavtalen er sagt opp. Utover dette kan kommunen be om umiddelbar anonymisering/sletting ved avslutta kundeforhold.
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
Tenesta er eit læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17. Tenesta behandlar opplysningar om elevar og lærarar, samt elevane sine svar på oppgåvene.
Inkrement AS behandlar personopplysningar på vegner av kommunen for
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |