Om tenesta
Tenesta skal forenkla og gjera det mogleg å logga på med SSO mellom Feide og Microsoft 365, Google Workspace og andre liknande skytenester.
Kva kommunar bruker tenesta?
Målgruppe
Personvernrisiko

Middels – Det blir for eksempel lagra personopplysningar i form av elevarbeid, skriftleg eller munnleg, lyd og bilete, eller fritekstfelt som ikkje legg opp til sensitive personopplysningar, samt lagring av brukaren sin identitet, skule, gruppetilhøyring, m.m.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, fødselsnummer, brukarnamn
Databehandlarar
  • Leverandør: Identum AS
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
    N/A
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
    N/A
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
  • Signert databehandlaravtale?
    Hjelmeland
Kommentar/retningsliner

Tenesta blir brukt av tilsette i éin eller fleire grunnskular i Ryfylke, men behandlinga av personopplysningar blir ikkje forvalta av oppvekstsektoren, og dermed har ikkje fagnettverk skule ansvar for personvern- og risikovurderingane knytte til denne tenesta.

Ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne tenesta ligg på kommunenivå, og blir følgt opp av kommunen sjølv eller Ryfylke IT-samarbeid KO.

Oppdatert behandlingsprotokoll og tilhøyrande personvern- og risikovurderingar, er dokumenterte i Draftit eller Compilo.

Treng du meir informasjon om behandlinga av personopplysningar i denne tenesta, kan du kontakta personvernombodet i kommunen din.

Personvernombod
Personvernprinsippa

Namnet blir vist ved innlogginga, slik at brukaren kan stadfesta at det er korrekt, samt at namnet blir brukt som ein del av funksjonaliteten i tenesta. Fødselsnummeret blir brukt som koplingsnøkkel/unik identifikator for å sikra at brukaren er unik i tenesta, medan brukarnamnet blir brukt for å kunna identifisera brukaren når vedkomande loggar inn med Feide og/eller Microsoft 365.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? –
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? –
… avgjerder som får betydning for den registrerte? –
… profilering av den registrerte? –
… avdekka ukjende sider eller mønster? –
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? –
Strand kommune
Vel målgruppe: