Om tenesta
Aftenposten Junior Skole er eit nyheitsunivers til bruk i skulen. Tenesta tilbyr aktuelt nyheitsstoff som engasjerer barn. På den måten vil Aftenposten Junior Skole både oppmuntra til lesetrening, og vera ei kjelde til tverrfagleg undervisning i ulike fag.
Målet med Aftenposten Junior Skole er å gjera barn i Noreg til betre lesarar og styrka deira evne til å påverka eigne liv og delta i samfunnet.
På Aftenposten Junior skole får elevar tilgang til nyheiter på deira eigne premiss. Aftenposten Junior skole dekker dei viktigaste sakene frå inn- og utland, på ein måte som gjer at barn forstår. I tillegg skriv Aftenposten Junior skole om saker som «vaksen-media» ikkje omtalar, men som likevel er relevante nyheiter for elevar på barnetrinnet. Aftenposten Junior skole lager òg journalistikk om norske barns verkelegheit, trykker debattinnlegg frå barn, og har ekspertar som svarar på barna sine spørsmål.
Det blir lagt ut nytt innhald kvar dag, slik at det alltid vil vera noko nytt og aktuelt å lesa om. Sakene kan lesast på både bokmål og nynorsk, og mange saker er òg tilgjengelege på engelsk, ukrainsk, somali, polsk, arabisk, finsk og kvensk.