Det er viktig at lærarane regulerer innhaldet i undervisninga, og ein føresetnad for bruk av tenesta er at elevar ikkje skal inkluderast i produksjonen og at lærar ikkje blir pålagde å bruka tenesta.
Leverandøren skriv i sin policy at dei overfører informasjon til sine serverar i USA, og at dei kan dela personopplysningane med sine underleverandørar. Tenesta er gratis, noko som gjer at brukarane kan bli utsette for marknadsføring og/eller at det blir samla inn aktivitetsdata. Det er usikkert kva som blir gjort med desse opplysningane. Leverandør oppgir at dei følgjer EU-kommisjonen sin SCC, og tenesta er difor godkjend for frivillig bruk av lærar.