Om tenesta
Det finst fleire variantar av tenesta Lingdys.
Lingdys Pluss
Denne tenesta blir brukt som støtte i lesing og skriving for elevar med dysleksi eller andre former for lese- og skrivevanskar. Lingdys Pluss har ei rekkje funksjonar som opplesing, stavekontroll, skanning av tekst og diktering. Lesevenn er ein skanne-app som følgjer med i tenesta. Elevar må søka om personleg lisens frå NAV Hjelpemiddelsentral for å bruka tenesta.
Lingdys Skole
Denne tenesta gjeld for heile klassen eller skulen, og er eit verktøy som kan vera til nytte for alle elevar. Lingdys Skole kan brukast til lese- og skriveopplæring, utvikling av tekst og ordforråd, framandspråk og meir. Elevar treng ikkje personleg lisens frå NAV Hjelpemiddelsentral for å bruka tenesta.