Om tenesta
Kartleggjaren er eit nettbasert og verksuavhengig kartleggings- og rådgivingsverktøy for rask og enkel testing av elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i norsk, engelsk og matematikk. Verktøyet kan brukast frå 5. trinn og oppover. Kartleggjaren er ikkje ein konkurrent til dei nasjonale prøvene, men eit supplement.
Kartleggjaren inneheld:
- Sjølvforklarande elevtestar i norsk, engelsk og matematikk som ikkje krev særskild opplæring.
- Resultatprofilar for enkeltelevar og klasser, tilgjengelege straks etter gjennomført test. Desse kan enkelt delast med elev og føresette når skulen ønskjer det.
- Ein analysemodule der ein kan opprette føremålstenlege grupper for effektiv undervisning av elevar med liknande resultat.
- Individuelle arbeidsplanar (IAP) med konkrete undervisningsforslag vert genererte for kvar elev, uavhengig av fagleg nivå. Nivåbaserte øvingshefte følgjer med.
- Vi arbeider for tida med å utvikle nye testar i norsk, engelsk og matematikk. Desse vil vere klare til skulestart og tilpassa frå 5. trinn og oppover.