Om tenesta

Aftenposten Junior Skole er eit nyheitsunivers til bruk i skulen. Tenesta tilbyr aktuelt nyheitsstoff som engasjerer barn. På den måten vil Aftenposten Junior Skole både oppmuntra til lesetrening, og vera ei kjelde til tverrfagleg undervisning i ulike fag.

Målet med Aftenposten Junior Skole er å gjera barn i Noreg til betre lesarar og styrka deira evne til å påverka eigne liv og delta i samfunnet.

På Aftenposten Junior skole får elevar tilgang til nyheiter på deira eigne premiss. Aftenposten Junior skole dekker dei viktigaste sakene frå inn- og utland, på ein måte som gjer at barn forstår. I tillegg skriv Aftenposten Junior skole om saker som «vaksen-media» ikkje omtalar, men som likevel er relevante nyheiter for elevar på barnetrinnet. Aftenposten Junior skole lager òg journalistikk om norske barns verkelegheit, trykker debattinnlegg frå barn, og har ekspertar som svarar på barna sine spørsmål.

Det blir lagt ut nytt innhald kvar dag, slik at det alltid vil vera noko nytt og aktuelt å lesa om. Sakene kan lesast på både bokmål og nynorsk, og mange saker er òg tilgjengelege på engelsk, ukrainsk, somali, polsk, arabisk, finsk og kvensk.

Plattform
Bruksområde
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Sauda, men ikkje godkjent i Suldal, Hjelmeland og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Feide
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, målform, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, organisasjon, brukarprodusert innhald, fagleg progresjon, bruksmønster
Databehandlarar
  • Leverandør: Schibsted Products & Technology AS
  • Underleverandør(ar): Amazon Web Services Inc. (AWS), Iterate AS
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    Ved avslutting av avtalen mellom kommunen og Schibsted, vil alle personlege opplysningar og eventuelle sikkerheitskopiar bli sletta eller overskrivne innan 90 dagar etter at avtalen er avslutta.

  • Tekniske sikkerheitstiltak: tilgangsavgrensing, overvaking og logging
Personvernstatus
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
Kommentar/retningsliner

Innlogga elevar og tilsette ser berre personlege data knytta til sin eigen brukar.

Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Tenesta er eit læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17. Tenesta behandlar opplysningar om elevar og lærarar, for å kunna gje desse brukarane tilgang til tenesta, samt gje brukarane høve til å tilpassa innhaldet ut frå målform og eigne interesser.

Personopplysningane blir behandla for å tilby tenesta Aftenposten Junior Skole, inkludert all funksjonalitet som ligg i tenesta. Aftenposten Junior Skole gjev skuleeigarar, elevar og lærarar tilgang til ei digital nyheitsteneste og læringsplattform som inneheld tekstar, podkastar og anna innhald som er spesielt tilpassa for barn.

Ved innlogging har databehandlar berre tilgang til informasjonen som er naudsynt for å kunna logga inn og bruka internettsida (juniorskole.no). Denne informasjonen blir henta gjennom pålogging med Feide.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 24.03.2025
Strand kommune
Vel målgruppe: