Det er viktig å fanga elevane si merksemd tidleg i undervisningsøkta, samtidig som det kan gjera godt med eit avbrekk. Her kjem nokre tips som er samla inn på skulane:
- Song – lytta (YouTube) eller synga (Kor Arti’)
- Nyheit
- Kahoot – start timen med det, jobb med temaet i timen, avslutt timen med den same kahooten.
- Kims leik – finn bilete på nett eller ta bilete av tinga → vis biletet på skjermen i ei avgrensa tid → ta vekk biletet frå skjermen igjen
- Videosnutt som er kopla til temaet
- Finna kopling til noko frå sist time, og henta dette fram igjen
- Bilete og song knytta til faget eller noko spesielt med dagen i dag
- Just Dance – søk etter dansar («just dance») på Google
- Still eit spørsmål eller ei problemstilling knytta til temaet, og la læringspara drøfta dette (visa dette på skjermen i t.d. iThoughts eller Keynote)
- Bingo – vel ut eit utval ord eller oppgåver, læraren bestemmer kva form ein skal fram til (t.d. fullt brett, L, kryss), lærar skriv orda på tavla eller på Keynote
- Gåter og vitsar
- Fire hjørne – oppgåva står synleg framme på skjermen, elevane går til dei fire hjørna i klasserommet for å henta informasjonen som dei treng for å svara på oppgåva
- Terningar og kortstokk – spesielt i matematikk
- Google-challenge – læraren gjev elevane ei oppgåve, og dei bruker Google til å leita fram svaret (elevane finn svaret, og læraren spør om kor, slik at ein samtidig får drøfta kjeldekritikk)