Multifunksjonsskrivarane har nå støtte for direkte utskrift frå iPad, via den innebygde funksjonen AirPrint. Send utskriften til SafeQ, og hent utskriften med kopibrikka.
Før sommarferien opna me for at alle lærarane i Hjelmelandsskulen kunne gje innspel til digitale læremiddel og verktøy som ein ynskjer å ta i bruk i undervisninga. Me har fått tilskotsmidlar frå Utdanningsdirektoratet, som gjer det mogleg å kjøpa inn (nesten) alt som dokker ynskjer å bruka.
Etter kvart blir det halde opplæring på skulane, eller lagt ut videokurs på iTunes U. Meir informasjon om dette kjem fortløpande.
Sjå oversikt over digitale læremiddel og verktøy i Hjelmelandsskulen for skuleåret 2020/2021.
I løpet av skuleåret, og seinast våren 2021 skal ein vurdera kvaliteten på læremidla og verktøya, for å avgjera kva som skal vidareførast i skuleåret 2021/2022. For læremidla i norsk, engelsk og matematikk følgjer me vurderingsverktøyet og kriteria til Utdanningsdirektoratet.
Eitt av (mange gode) ynskje som kom frå kollegiet i Hjelmelandsskulen før sommarferien, var ein «snarveg til Morten», og enklare oversyn over kor ein får hjelp til kva når det gjeld IKT i Hjelmelandsskulen.
Appen Spør Morten er lagt inn i Administrasjon-mappa på iPaden til alle tilsette i Hjelmelandsskulen.
Det er viktig å understreka at appen er under utvikling, og gjev ikkje svar på absolutt alt.
Ved skulestart kan appen hjelpa deg langt på veg med
Det er oppretta nye Teams og OneNote-klassenotatblokker for
Dei andre OneNote-klassenotatblokkene blir vidareført frå sist skuleår.
Sjå oversikt over OneNote-klassenotatblokker for å finna dei klassenotatblokkene som du treng tilgang til. Rektor eller ein lærar som allereie har tilgang må gje deg tilgang via Teams, viss det er første gong du skal undervisa i klassen. Du må sjølv ta ansvar for å opna klassenotatblokker som du treng, og lukka igjen dei klassenotatblokkene som du ikkje treng i OneNote-appen.
I mars 2020 blei det i hurten og styrten laga eit videokurs for Teams i iTunes U. Dette kurset er i ferd med å bli utvida, slik at Teams berre blir ein liten del av kurset. Kurset heiter nå IKT i Hjelmelandsskulen, og har fått nytt omslagsbilete i appen iTunes U.
Kursa i Pages, Keynote og Numbers blir vidareført slik me fekk dei frå Kongsberg kommune.
Kurset IKT i Hjelmelandsskulen blir utvida i løpet av skuleåret, med nye appar, verktøy, læremiddel og tips.
I løpet av sommaren har me flytta alle lærarar, elevar og appar over til eininga Hjelmelandsskulen. Før var alt plassert på dei tre skulane, noko som førte til kluss kvar gong ein elev eller lærar flytta mellom skulane, og gjorde det vanskeleg å jobba effektivt med tildeling av appar.
Ein konsekvens av dette er at alle appar har blitt delte ut på ny, og dermed kan ein ha mista innhald eller påloggingsinformasjon i appen, som ein hadde i appen før sommaren.
Me kan igjen minna om at iMovie, Book Creator og Timeline Creator ikkje synkroniserer mot iCloud Drive, og at dei ferdige produkta må eksporterast dersom ein vil ta vare på dei:
Det kan henda at enkelte appar har hengt seg opp på installeringa. Viss du eller ein elev manglar appar som dokker meiner at dokker skal ha, må du be IT-avdelinga om å sjekka saka og senda ut appen på ny.
Fleire av elevane sine appar har blitt flytta ut på Heim-skjermen, for at dei skal sleppa å forholda seg til for mange mapper. Desto yngre elevane er, desto færre mapper har dei fått. Til dømes har 1.–2. trinn nesten alle sine appar på Heim-skjermen.
Ordnett er tatt bort både grunna ein del tekniske problem med pålogging i appen i vår, og at det berre var ungdomsskulen som hadde lisensar. Nå abonnerer me heller på språkpakken i IntoWords, og bruker ordbøkene der. Lisensen på IntoWords gjeld for alle elevar og lærarar i Hjelmelandsskulen.
Av nye appar vil eg spesielt nemna at Canvas har blitt byta ut med Spark-pakken til Adobe (Spark Post, Spark Video og Spark Page), som er ein veldig god og brukarvennleg pakke for grafisk design av bilete/plakatar, filmar og nettsider. Påloggingsinformasjon og brukarrettleiing kjem rundt skulestart.
OneDrive har òg blitt fjerna som standardapp, sidan me skal lagra personleg innhald på iCloud Drive. Pedagogisk IKT-rettleiar starta i vår med å hjelpa dei tilsette med å flytta filer og mapper frå OneDrive til iCloud Drive, men det gjenstår framleis mykje arbeid før me er i mål.
Dei fleste appane er felles og standard for alle brukarar, i Teacher-appen for lærarar og Student-appen for elevar (i mappa Administrasjon) kan ein lasta ned appar som ein har lisens til, men som ikkje er standard for brukarane på sitt trinn.
Dersom enkelte elevar har særskilte omsyn som gjer at dei treng spesial-appar, eller appar som eigentleg er rekna for eit lågare årstrinn, kan du melda frå om dette gjennom appen Spør Morten.