Me har nå sett Mail som standard e-postlesar på iPadane for lærarane.
Bakgrunnen for dette er at det skal vera enklast mogleg å dela via e-post frå dei ulike appane med -knappen. Dette fungerte heller dårleg på Outlook. Dessutan har me opplevd at Outlook-appen heng seg opp, og at det er vanskeleg å søka opp tidlegare e-postmeldingar der.
Mail ligg difor på oppgåvelinja nå. Dei som heller vil bruka Outlook som e-postlesar, finn denne appen i mappa Administrasjon.
PS: Hugs at du må leggja til e-postkontoen din i Innstillinger for å kunna lasta ned og senda e-post i Mail-appen.