IST Home er appen der du som føresett – på ein og same stad – kan ha den daglege kommunikasjonen med skule, barnehage og SFO. I denne artikkelen bruker me einingar som eit samleomgrep på skular, barnehagar og SFOar.
Frå og med 12. august 2024 skal IST Home erstatta dagens appar for kommunikasjon mellom føresette og dei kommunale einingane i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand:
Målet er at dei føresette skal kunna bruka berre éin app til kommunikasjon om alle sine barn, på tvers av alle einingane i kommunen.
Funksjonane kan variera mellom dei ulike einingane. Ta kontakt med eininga di dersom du har spørsmål, eller dersom du opplever at enkelte funksjonar manglar.
Fråver: Fråver eller planlagt fri skal registrerast som fråver eller planlagt fri, og ikkje sendast som chat-melding. Viss du sender informasjon om fråver som chat-melding, risikerer du at dette ikkje blir fanga opp av alle som treng beskjed om at barnet ditt er borte denne dagen.
Personvern: Ingen skal dela sensitive personopplysningar via chat i IST Home. Sensitive personopplysningar er for eksempel informasjon om diagnosar, medisinske opplysningar eller personlege vanskar. Slike opplysningar kan berre delast i sikre kanalar, for eksempel i telefonsamtale eller møte.
Responstid: Dei tilsette sjekkar og svarer på meldingar i starten og slutten av arbeidsdagen. Midt på dagen er dei tilsette opptekne med oppfølging og undervisning av barna, så dersom noko hastar, må du ringa direkte til eininga. Frå eininga stenger om ettermiddagen til eininga opnar om morgonen, har dei tilsette fri, og vil ikkje sjekka og svara på meldingar.
Bruksområde: IST Home skal brukast til kommunikasjon mellom dei føresette og personalet som har den daglege oppfølginga av barnet. Dette betyr at ein ikkje kan bruka IST Home til å chatta med leiinga eller administrasjonen. Dersom ein har behov for å melda frå eller varsla om noko til leiinga, må ein senda e-post eller ringa direkte til leiinga.
Vikar: Chat-meldingane er personlege. Det betyr at ingen andre tilsette får vidaresendt chat-meldingane som heimen sender til tilsette som er borte frå jobb. Dersom det hastar med å gje ein beskjed, må du ringa direkte til eininga. Eininga kan òg informera særskilt om kven som bør få chat-meldingar som handlar om ditt barn.
Sjekk nettstaden til IST Home for meir informasjon, brukarrettleiingar og svar på ofte stilte spørsmål (FAQ).