Ved å bruka funksjonen Teksterstatning på lærebrettet, får du automatisk hjelp til å retta ord som du vanlegvis skriv feil.
For å gjera dette, må du først laga ei korrekturliste i Teksterstatning. Videoen viser korleis du går fram.
Viktig å hugsa på
- Fungerer i alle appane: Korrekturlista til teksterstatting vil fungera for alle appane på lærebrettet. Korrekturlista er knytta til iCloud-kontoen, og vil bli overført til ny iPad.
- Éi felles ordliste: Orda i korrekturlista må fungera på alle språka som du skriv på, sidan det berre finst éi felles korrekturliste. Til dømes kan du ikkje be om at liten i blir automatisk retta til stor I (engelsk), sidan det då vil bli feil når du skriv norsk. På same måte kan du ikkje be om autokorrektur frå bare til berre, viss du både skal skriva nynorsk og bokmål.
- Suppler lista fortløpande: Etter kvart som du oppdagar nye ord som du skriv feil, bør du leggja dei inn i korrekturlista så fort som mogleg.
Eleven kan gjerne lagra ei liste i Pages, OneNote eller eit anna skriveprogram, der eleven fortløpande legg inn orda som bør vera med i korrekturlista:
UTTRYKK
(slik ordet skal skrivast) |
SNARVEI
(slik ordet blir skrive feil) |
LAGT INN |
kjente |
skjente |
☑
|
holdt |
hålt |
☑
|
alltid |
altid |
☐
|