Undervisningsdesign er ein anerkjent metode for korleis lærarar kan planleggja for effektiv undervisning, samtidig som elevane sitt læringsutbytte ikkje er tilfeldig, men styrt mot ei djupare forståing av kompetansemåla og overordna mål i læreplanverket.
Metoden blir kalla backwards design – eller baklengs planlegging. I staden for å planlegga undervisninga for aktiviteten som skal skje i timane, beveger ein seg frå det mest abstrakte nivået (læreplanverket), via vurdering til konkret planlegging av aktivitetane som skal skje i undervisninga.
Dette er ein god måte å planlegga undervisninga på, der ein først og fremst tenker på kva læringsutbytte elevane skal sitja igjen med, korleis læraren skal kunna vurdera kompetansen deira – og deretter planlegga aktivitetane.
Pedagogane Wiggins og McTighe deler prosessen i tre steg:
Identifisering av kompetansemål: Kva kompetanse vil me at elevane skal sitja igjen med? Kva er målet med undervisninga? Kompetansemåla må deretter brytast ned, analyserast, omformulerast og delast opp, slik at læraren kan formidla måla til elevane slik at elevane forstår kva dei skal læra. Læraren bør òg identifisera dei ulike nivåa av kompetanse som ligg i måla (kunnskap, ferdigheiter og forståing).
Fastsetting av vurderingsform: Læraren må avgjera korleis elevane si måloppnåing kan dokumenterast og vurderast, altså i kva grad elevane har greidd å tileigna seg den kompetansen som er identifisert i 1. steg. Før undervisninga startar, bør elevane vita korleis dei skal vurderast i temaet.
Planlegging av undervisningsopplegg: Til slutt skal læraren planlegga undervisninga – med oppgåver, prosjekt, tekstar, ekskursjonar, etc. – alt med tanke på korleis elevane skal kunna visa kva kompetanse dei har oppnådd (2. steg) i dei kompetansemåla som allereie er fastsette (1. steg).
Modell for baklengs planlegging. Basert på Wiggins og McTighe i «Understanding by Design». (Illustrasjon: Morten Hetland)