Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
I Nynorskverktøy frå Fagbokforlaget får du tilgang til følgjande tenester:
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
Tenesta er eit digitalt læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova §§ 15-3 og 15-6. Som skuleeigar har kommunen ansvar for å ta i bruk eigna læremiddel for å oppfylla læreplanane og gjennomføra opplæring i tråd med opplæringslova. For at læremiddelet skal fungera etter føremålet, må det behandlast personopplysningar om elevar og lærarar, mellom anna for innlogging, tilgangsstyring og arbeid med faglege oppgåver. Denne behandlinga er ein integrert del av undervisninga og vurderingsarbeidet, og er difor ein del av kommunen si lovpålagde utøving av offentleg mynde.
Personopplysningane blir brukte til å gje elevar og lærarar tilgang til det digitale læremiddelet Nynorskverktøy, som krev Feide-innlogging via tenesta Fagbokforlagets e-portal.
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |
Det er ikkje identifisert risikoar knytt til konfidensialitet, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.
Det er ikkje identifisert risikoar knytt til integritet, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.
Det er ikkje identifisert risikoar knytt til tilgjengelegheit, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.