Om tenesta

Sist vurdert 10.09.2026, med utgangspunkt i revidert personvernerklæringa datert 08.09.2026.

Denne vurderinga erstattar tidlegare vurdering, som blei gjort med utgangspunkt i personvernerklæringa datert 29.08.2024:

Norli Junior er ikkje godkjent for bruk i dei kommunale grunnskulane i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand, fordi det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at omfanget av behandlinga av personopplysningar om elevar er nødvendig for å kunna gjennomføra lesekonkurransen, og fordi vidarebruken av opplysningane i Norli si eiga boktipsteneste har uklårt føremål og rettsleg grunnlag.

Den oppdaterte personvernerklæringa, og leverandøren sitt forslag til databehandlaravtale, dokumenterer ikkje at all behandling av personopplysningar og aktivitetsdata er nødvendig og lovleg med heimel i GDPR.

Ein lesekonkurranse kan gjennomførast internt på skulen eller i kommunen, med langt mindre innsamling og deling av personopplysningar enn det Norli Junior sin lesekonkurranse legg opp til. Dette åleine utelukkar ikkje bruk av ein ekstern leverandør, men kommunen må ha eit gyldig og grunngjeve behandlingsgrunnlag, og må sjølv vurdera nødvendigheita av alle delar av databehandlinga.

At lesing er ei grunnleggjande ferdigheit i LK20, gjev ikkje automatisk eit lovleg og gyldig grunnlag for at kommunen har heimel til å lagra detaljert lesehistorikk, bokvurderingar og omtalar ved hjelp av ein kommersiell aktør.

Personvernerklæringa oppgjev heller ikkje kva behandlingsgrunnlaget er, og det er dermed ikkje grunngjeve kvifor desse personopplysningane skal samlast inn og lagrast.

Kommunen har ansvar for at elevar og føresette får forståeleg informasjon om all databehandling. Deltaking i ein lesekonkurranse eller Feide-innlogging er ikkje i seg sjølv eit gyldig samtykke.

Dersom ein likevel skulle ha vurdert å godkjenna Norli Junior, må ein særskilt avklara grensa mellom skulen sitt opplæringsføremål og Norli sine eigne kommersielle interesser. Personvernerklæringa seier at aggregert statistikk blir brukt til boktilrådingar, og bilag A.2 i forslaget til databehandlaravtale omfattar samanstilling av registrert lesing til Norli si Boktips-teneste. Samtidig forbyr bilag C.1 behandling til Norli sine eigne føremål. Dokumenta stadfestar dermed vidarebruk til boktips, men har inga vurdering om at dette kan brukast til marknadsføring av bøker som Norli sel.

Før ein eventuelt jobbar vidare med vurdering av tenesta, må kommunen må få avklart kva data som blir brukte, om boktipstenesta har eit sjølvstendig kommersielt føremål, og kven som bestemmer over denne behandlinga. Dersom Norli behandlar personopplysningar til eigne føremål, må rolla og behandlingsgrunnlaget vurderast særskilt. Reelt anonyme sluttdata fell utanfor GDPR, men avidentifisering er ikkje nødvendigvis anonymisering, og behandlinga fram til anonymisering må framleis vera lovleg.

Avtaleforslaget inneheld viktige vernetiltak gjennom dokumenterte instruksar, teieplikt, regulering av underleverandørar, tryggleikskrav, revisjonsrett og sletting. Likevel seier bilag C.6 at kontoar som jamleg er i bruk, i utgangspunktet ikkje blir sletta; fristane ved inaktivitet og oppseiing avklarer ikkje kor lenge historiske leseopplysningar er nødvendige.

Før ei eventuell godkjenning må kommunen difor avgrensa datainnsamling og vidarebruk, fastsetja slettefristar, kontrollera tryggingstiltaka og vurdera og dokumentera risikoen sett opp mot nytteverdien av å bruka tenesta. Dette følgjer av kommunen sitt ansvar etter GDPR, særleg artikkel 5, 24, 28 og 32.

Føremålet om auka leselyst må vurderast opp mot barna sitt særlege behov for vern; eit godt pedagogisk føremål kan ikkje kompensera for uklar eller unødvendig behandling av personopplysningar.

Forslag til alternativ: Sjekk Stiftelsen LESE sine gratis LESElysttiltak.

Plattform
Er tenesta godkjent?
Tenesta manglar godkjenning i éin eller fleire kommunar.
Kva er grunngjevinga for at tenesta ikkje er godkjent?
Tenesta er ikkje godkjent fordi leverandøren har uklar informasjon om korleis dei rettar seg etter GDPR.
Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
Personvernombod
Strand kommune
Vel målgruppe: