Om tenesta
Artsorakel er eit digitalt verktøy for enkel artsbestemming, der brukaren kan få forslag til art ved å ta bilete av viltlevande plantar og dyr i norsk natur. Tenesta byggjer på maskinlæring og offentleg tilgjengelege data, er avgrensa til artar i Noreg, og behandlar ikkje bilete eller brukarinformasjon utover det som er nødvendig for sjølve gjenkjenninga. Dette gjer Artsorakelet eigna som lærings- og utforskingsverktøy, for eksempel i undervisning og feltarbeid.
Merk: Før tenesta blir tatt i bruk, må tilsett informera elevane om at dei må vera kjeldekritiske, og ikkje rekna med at alle svar frå Artsorakel er riktige. Dei kan for eksempel ikkje bruka Artsorakel til å vurdera om noko er giftig eller ikkje.